Kva er ein design?

Design refererer til utsjånaden og forma til eit produkt eller ein del av eit produkt.

Eksempler på design

Kva kan få vern som design?

  • Form og utsjånad på eit produkt, for eksempel utforminga av ein tannbørste, bil, skip, telefon eller eit møbel.
  • Deler av produktet, for eksempel tannbørstehovud, stolbein, tastatur til telefon.
  • Utsjånad på ikkje-fysiske gjenstandar slik som skjermbilete, rørleg design, typografiske skrifttypar og grafiske symbol. (Du kan ikkje registrere dataprogram.)
  • Eit ornament, for eksempel dekoren på eit servise eller figureringa på tekstilar og tapet.
  • Eit interiørmessig arrangement, som for eksempel eit kaféinteriør.

Tekniske løysingar blir ikkje verna ved ei designregistrering.
Dersom designen din inneheld ei teknisk løysing, vil ikkje designregistrering gje vern for denne løysinga. Dersom du ønskjer vern for den tekniske løysinga, må du også søkje om patentvern.
Les meir om patentering

For å få registrert designen din må den vere ny.

 

!

Viktig presisering om Varemerke-organisasjon AS

Kun Patentstyret kan registrere og fornye varemerke.

Les mer

Send inn søknaden din elektronisk via Altinn. 

Send inn søknaden din

Kva har andre gjort tidlegare og kva gjer konkurrentane dine?

Bestill forundersøking