Personer på jobb noterer på post-it lapper

10 praktiske tips for å komma i gang med immaterielle verdiar

Patentstyret tilbyr fleire aktivitetar og tenester for å heve kompetansen din om sikring av immaterielle verdiar og rettar.

Er du student?

Som student produserer du immaterielle verdiar i form av oppfinningar, design, kunnskap, vitskaplege metodar, programvare, arbeids- og målemetodar.

Desse verdiane kan vernast gjennom registrerte rettar og bli til eigedelar som kan bli verdifulle i marknaden og elles i samfunnet.

Dei fleste universitet og høgskular har kompetansemiljø som kan hjelpe deg med innovasjonsprosessane dine, men her får du 10 tips til å bli medviten forvaltninga av verdiane dine.

Er du rådgjevar?

Som bedrifts-, forretnings- eller innovasjonsrådgjevar spiller du ei viktig rolle for bedriftene i saker som gjeld forvaltning av immaterielle eigendelar.

Bedrifta sine  største verdiar finnst vanlegvis blant dei immaterielle rettane. Dette kan vere unik kunnskap som byggast opp i selskapet, eit godt varemerke, ein viktig teknologi eller eit nytt design. Patentstyret tilbyr fleire aktivitetar og tenester for å heve kompetansen din om sikring av immaterielle verdiar og rettar.

Bli ein verdifull ressurs for kundane og sett deg inn i tipsa våre.

10 tips til forvaltning av immaterielle verdiar

Når du brukar tid og ressursar på utvikling og skaper noko nytt, er det smart å passe på at det er du og bedrifta di som tener på alt arbeidet. Du kan bruke dei immaterielle rettane til å auke lønnsemda i bedrifta di. Det første du må passe på er å sikre deg retten til det verksemda di utviklar, gjennom å registrere patent, design og varemerke.

Ofte kan så mykje som 90 prosent av verdien for verksemda liggje i dei immaterielle eigedelane. Bedrifter som utviklar og medvite utnyttar desse verdiane, har høgare lønnsemd enn dei som ikkje gjer det.

Konkurrentar kan kopiere og etterlikne dei innovative løysingane dine, produkt eller tenester. Piratkopiering kan stoppast når du kan vise til dine registrerte patent, design eller varemerke. Det kan bli unødvendig dyrt og ressurskrevjande å handtere dette etter at ein konflikt har oppstått.

Eit godt tips er derfor å ha eit medvite forhold til dine eigne og dei immaterielle rettane til andre heilt frå starten av.

Eit godt første steg er å kartleggje kva for immaterielle rettar som kan vere aktuelle for bedrifta di. Du får eit godt utgangspunkt ved å ta testen vår. 

Gode idear ligg ofte litt i tida, og når du får ein glimrande idé kan det hende at andre har tenkt i same banar. Derfor er det viktig at du gjer grundige søk på nettet og orienterer deg om kva som finst frå før av like eller liknande produkt og tenester.

Søk i databasar vil gi deg eit overblikk over kor unik ideen din er. Du kan òg sjå kven som er konkurrentane dine og om du eventuelt kan krenkje dei immaterielle rettane til andre ved å setje ideen din ut i marknaden.

Gjer eit innleiande søk i dei ulike databasane

Still deg sjølv spørsmåla:

  • I kva andre land enn Noreg vil eg lansere den nye oppfinninga mi, logoen eller designet?
  • Kvar ønskjer eg å nå ut på sikt?
  • Kvar vil eg ønskje å produsere?

For å hindre at du krenkjer rettane til andre, er det viktig at du òg sjekkar kva rettar andre har til dei same produkta i land som er aktuelle for deg og bedrifta di.

Gjer eit innleiande søk i databasane som er refererte til under punkt 3.

Når du har kartlagt kva rettar som er aktuelle for deg og har eit overblikk over kva land du vil verne rettane dine i, er det smart å få eit raskt kostnadsoverslag.

Når du tek medvitne val om immaterielle verdiar og rettar frå starten av, stiller du sterkare overfor konkurrentar og samarbeidspartnarar. Då kan du òg hindre at andre snyltar på arbeidet ditt. Strategien beskriv korleis dine immaterielle verdiar skal vernast og brukast, og høyrer heime i forretningsplanen din.

Eit varemerke skil dine varer og tenester frå andres. Eit varemerke kan bestå av ord, namn, logoar, figurar, bilete, bokstavar, tal, emballasje, lyd eller kombinasjonar av desse. Varemerket fungerer som ein garanti for at varene og tenestene kjem frå éin bestemd produsent eller leverandør, og at kunden skal få ein forventa kvalitet.

Når du skal velje namn er det viktig å vere klar over at du ikkje kan få einerett til ord eller figurar som berre beskriv produktet ditt. Varemerket kan heller ikkje likne på tidlegare registrerte varemerke, men vere unikt og ha særpreg.

Døme:

  • Du får ikkje einerett til «ØKERN RØRLEGGERSERVICE» for tenester som inneber «røyrleggjartenester». Fordi dette berre fortel kvar tenesta blir tilboden, nemleg på Økern, og beskriv kva typar teneste som blir tilbodne.
  • Viss du likevel vel å kalle verksemda di for «ØKERN RØRLEGGERSERVICE» kan du gjere det, men du får ikkje registrert dette som varemerke. Då kan andre leggje seg tett opptil ditt namn, og det kan oppstå forveksling i marknaden. Andre kan til dømes kalle seg «ØKERN RØYRSERVICE», «ØKERN RØRLEGGERTJENESTE» eller «SERVICERØRLEGGERN PÅ ØKERN».
  • Du får ein sterkare einerett til merket viss du heller vel å gi verksemda di eit fantasinamn, som til dømes SWIX for skismørjing.
  • Du kan kombinere «ØKERN RØRLEGGERSERVICE» med eit bilete eller ein figur som ikkje berre underbyggjer betydninga av teksten, til dømes ei ørn. Dette kan du registrere som eit kombinert merke. Då får du einerett til korleis logoen din ser ut, men ikkje til dei beskrivande orda.
  • Eit slagord som «WE KEEP OUR PROMISES» kan det i utgangspunktet ikkje få registrert einerett. Dette er fordi andre må få lov til å seie det same om sine varer og tenester. Men, viss du kombinerer slagordet med eit meir spesielt ord «STAUREA - WE KEEP OUR PROMISES», kan det registrerast som eit varemerke.

Få tips om registrering av varemerke

På Patentstyrets nettsider:
Søk varemerke i Noreg - Kva kan du registrere?

Lær meir om registrering av varemerke og særpreg i denne filmen

Sjekk om konkurrentar har registrert liknande varemerke i same bransje som deg i Patentstyrets søkjeteneste (for rettar i Noreg).

Sjå ein eller fleire opptak frå Patentstyrets webinarer om varemerke

Tidleg i prosessen er det svært viktig at du sjekkar om firmanamnet ditt er registrert som varemerke av andre, og om domenenamnet du ønskjer er ledig. Varemerkeregisteret og Brønnøysundregistera er ikkje samkøyrde, og du må sjølv sørgje for å ha kontroll på dette.

Du kan gå inn på namnesok.no for å sjekke om domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt og same søk.

Les meir om domenenamn

Har du komme på ein ny måte å løyse eit problem på? Løysinga di kan vere patenterbar, men før du sender inn søknad om patentvern må du passe på at oppfinninga ikkje på nokon måte blir kjende for andre. Kjende og publiserte løysingar kan ikkje patenterast.

Døme på situasjonar der oppfinninga di blir rekna som «publisert for andre» og «allment tilgjengeleg» er når oppfinninga eller løysinga:

  • er publisert. Til dømes beskrive i ein tekst, i ein avisartikkel eller brosjyre, eller munnleg gjennom eit foredrag, intervju, radio, film eller video
  • er demonstrert, slik at han kan reknast som kjent
  • har blitt selt, slik at han kan reknast som kjent
  • er snakka om blant venner og kjende
  • er testa på ein stad der andre har kunna sjå han

Viss du treng å snakke med nokon om oppfinninga di, teste eller vise ho, så gjer det konfidensielt til ein bestemd krins av personar. Sjå tips til korleis du deler konfidensiell informasjon under punkt 9.

Innhaldet i patentsøknaden er hemmeleg i 18 månader frå den dagen søknaden blir send til Patentstyret

Les meir om patent – oppfinning

Meir om hemmeleghald og teieplikt

Krav om nyheit gjeld òg for å søkje om designregistrering. Men for designsøknader i Noreg, USA og EU kan du offentleggjere designet inntil 12 månader før du sender inn designsøknad. Andre land har andre reglar, så undersøk andre aktuelle land før du offentleggjer designet ditt.

Lurar du på korleis du kan dele konfidensiell informasjon?

Når du har ein idé som du vil kommersialisere, treng du å presentere han for andre for å komme vidare. Er du redd for at nokon skal stele ideen, kan ein fortrulegheitsavtale vere eit nyttig verktøy.

Guide om fortrulegheitsavtalar utvikla av Innovasjon Noreg

Har nokon stole ideen din eller krenkt dei immaterielle rettane dine? Blir du skulda for å leggje deg for nær rettane til andre?

I mange konfliktar om patent, varemerke eller design, er det vanleg at det første steget blir teke av den som meiner seg krenkte. Då blir det sendt eit «cease and desist brev» til personen eller verksemda som ein meiner driv med ulovleg verksemd.

Dette er eit brev som opplyser om kva rettar ein meiner er krenkt, og mottakar blir beden om at inngrepet i dei immaterielle rettane stansar. Det bør òg opplysast om kva for nokre rettslege steg som er planlagt å ta viss ikkje krenkingane sluttar, som til dømes at saka blir teken til domstolen. Viss du får eit slikt brev, bør du svare skriftleg innan fristen, uavhengig av om du er samd eller usamd i det som står der.

Les òg meir om korleis du kan følgje med på om nokon krenkjer patent-, design- eller varemerkeretten: Har nokon krenkt retten din?

Relaterte artikler