Unge mennesker i bunad
Foto: iStockphoto

Bunadar og festdrakter, kven eig mønstera?

Kvart år når det nærmar seg 17. mai, får vi i Patentstyret spørsmål om rettar til bunadar og festdrakter. Her gir vi nokre svar på dette.

Kva er bunad, folkedrakt og festdrakt?

Slik vi forstår dette, er bunadar og folkedrakter dei same; nemleg draktene som har utvikla seg over tid, men som er laga ganske likt i mange generasjonar i same geografiske område. Opphavet til drakt og mønster er som regel ukjent. Festdrakter er drakter som er skapte i moderne tid, og ein veit oftast kven opphaveren er. Omgrepa blir likevel brukte om kvarandre.

Du kan sy kva du vil til deg sjølv

Vi kan seie ganske sikkert at du kan sy kva du vil til deg sjølv, altså til privat bruk, utan å uroe deg for om andre har rettar til drakta. Du kan også sy til familien din, og du kan gi heimesydde drakter i gåve. Men dersom du tener pengar på det du syr, må du tenkje på om nokon har rettar knytt til dette.

Tradisjonelle mønster er allemannseige

Det vi veit sikkert, er at vi alle saman eig dei tradisjonelle mønstera. Det betyr at ingen kan hevde å ha einerett til korkje heile drakter eller delar av ei drakt, for eksempel broderi. Du kan altså sjølv sy eller få laga alle bunadar som ikkje har kjent opphav. Du kan også sy slike drakter for andre og tene pengar på det. Det kan likevel hende at nokon andre har rettar knytt til det å kombinere tradisjonelle mønstre på nye måtar.

Rettar til nye mønster og gamle mønster brukte på nye måtar

I Patentstyret har vi registrert både festdrakter og utstyr til festdrakter som design. Innehavaren har fått einerett til desse produkta så lenge designregistreringa er gyldig, og denne retten kan fornyast slik at den varar i 25 år. For at rettane skal vere gyldige, må designa vere nye og skilje seg frå det som finst frå før, når dei blir registrerte. Dersom nokon har registrert eit design som ikkje var nytt, kan registreringa opphevast og eineretten fell då bort.

Blant design som er registrert i Noreg, kan du finne delar av tradisjonelle mønster brukte på nye måtar. Dersom utsjånad på produkta var nye på det tidspunktet dei blei registrerte, er desse gyldige registreringane. Det er då ikkje gitt einerett til det tradisjonelle mønsteret aleine, men til bruken av mønsteret på denne konkrete, nye måten. Og  heilskapsutsjånaden på produktet må skilje seg frå produkt som finst på marknaden frå før.

Det kan vere knytt opphavsrett til nyare drakter og mønster

Sjølv om ein folkedrakt ikkje er registrert etter designlova, kan det vere knytte rettar til den etter åndsverklova. Dette er i så fall rettar som ikkje er registrerte, men som oppstår samtidig som drakta blir skapt. Slike rettar gjeld i 70 år etter opphaverein sin død og oppstår berre dersom drakta oppfyller lova sine krav og er original.

Les meir om designregistrering

Les meir om opphavsrett

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: