Foto Øystein Sunde: Stig Ove Voll (Wikipedia Commons) Foto Jahn Teigen: Bamble Kommune (Wikipedia Commons)

Derfor vel norske kjendisar å verne namnet sitt

Fleire og fleire begynner å se verdien av å verne varemerket sitt. Det gjeld også eit titalls norske kjendisar. Kjende namn som Øystein Sunde, Jahn Teigen, Matoma og Minor Majority har alle sendt inn søknader til Patentstyret.

Patentstyret fekk i fjor inn rundt 17 300 søknader om varemerkeregistreringar. Av desse var eit tosifra tal søknader frå norske kjendisar.

– Grunnen til at kjendisar vel å verne namnet sitt, er for å sikre seg einerett til namnet som varemerke. Ein einerett gjer det enklare å stoppe misbruk, men det gjer det også lettare å lisensiere ut namnet sitt til andre. Det gir med andre ord eit godt grunnlag for avtalar. Ein søknad kostar berre 2900 kroner og dersom den blir registrert, må den fornyast først etter 10 år, seier Knut Andreas Bostad, seksjonssjef i Patentstyret si design- og varemerkeavdeling.

Mange kjendisar søkjer varemerkeregistrering for klede og sko, noko som kan tyde på at fleire kanskje har ein drøm om egen kolleksjon. Ein av dei som har oppfyld denne draumen, er Pia Tjelta. Tjelta har registert varemerke for blant anna klede og sko, men også for publisering av elektroniske bøker og tidsskrift på nett, artistframsyningar og showoppsetningar. 

– Eg jobbar jo både som skodespelar og klesdesignar. Dei kleda eg designar, bærer mitt namn, og då er det naturleg at dette varemerket er registrert. Dette gir blant anna tydelege rammar for retten til bruk av varemerket, seier Tjelta.

Jahn Teigen har søkt om varemerke for aktivitetar knytt til underhaldning, kultur og sport. Han har i tillegg søkt det for «merchandise» som klede, vesker og smykker. Minor Majority har søkt for fleire klassar som blant anna dekkjer instrument, apparat og trykksaker.

– Vi ser at mange musikarar no ser at varemerkeregistrering er viktig fordi det kan liggje store inntekter i det å selje eget «merchandise». Og for nokon er det også viktig å hindre at andre kan importere eller selje slike produkt, seier Bostad.

God business

Det å registrere namnet sitt som varemerke har også vore god forretning for tidlegare idrettsstjerner. Både Bjørn Dæhlie, Kari Traa, Lasse Kjus og Vegar Ulvang har tjent millionar på produkt som kan knyttast til deira idrettsgreiner.

Idrettshelten Johannes Høsflot Klæbu har også sett det kommersielle potensialet i namnet sitt. Han har søkt og fått registrert sitt eige namn og JHK for blant anna bleikemeiddel og andre middel for klesvask, polering, flekkfjerning, dusjsåper, balsam, parfymar og eteriske oljar.

Kva krav må på plass for å få godkjent ein søknad om varemerkeregistrering?

– Vi antar at 85 % av alle søknadane vi får inn, blir godkjente. Dersom kjendisar søkjer om å varemerkeregistrere eige namn, så er det ofte enkelt å få det godkjent. Men feilen vi ser at fleire gjer, er at dei kanskje søkjer litt for seint, først etter at namnet er «misbrukt» eller nokon har registrert det som domenenamn eller foretaksnamn. Det kan fort bli kostbart å vinne tilbake namnet og få kontroll over det seier Bostad. Han utdjupar:

– For selskap som skal ha eit produkt på marknaden eller bruke namnet i marknadsføring, så er den vanlegaste fallgruva at dei vel eit namn som beskriv produktet eller eit namn som er registrert for samme varer og tenester. Då må dei ofte starte på nytt og det krev både tid og pengar.

Krev godkjenning

Varemerkelova seier at eit varemerke ikkje kan registrerast utan samtykke frå vekommande rettshavar viss det inneheld noko som kan oppfattast som ein annan sitt namn, kunstnarnamn eller portrett, med mindre det openbert blir sikta til ein for lengst avdød person.

Henrik Ibsen er til dømes godkjent som varemerke fordi det viser til ein historisk person, og vedkommande er «død for lengre tid siden», som varemerkelova krev.

Er namnet særprega og du har samtykke, kan det registrerast for alle varer og tenester. Av kongelege namn har vi blant anna kong Haakon og dronning Sonja som registrerte varemerke for sjokoladeprodukt, og i desse tilfellene har sjokoladeprodusenten innhenta godkjenning frå Slottet. 

Du kan altså ikkje utan vidare registrere namnet til ein eller annen kjent person som varemerke, du må ha godkjenning først. Men ditt eige namn kan du registrere.

Nyttige lenker

Les meir om reglene som gjeld for namn som varemerke.

For å gjere eigne søk etter varemerke, sjå søkjetenesta vår.

Søk samstundes i domenenamn, føretaksnamn og varemerke på namnesok.no

Denne artikkelen er skriven av Julie Vissgren og tidlegare publisert på Innomag.no. Patentstyret har gjort nokre små justeringar.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: