Pult med utskrifter og en som gjør notater
Foto: Istock

Har du ein IPR-strategi?

Formålstenleg bruk av immaterielle rettar i innovasjonen kan bidra til å skape og sikre verdiar, og å unngå feilinvesteringar. Det er viktig å tenkje på korleis dei immaterielle verdiane og rettane - patent, varemerke og design - skal forvaltas og foredlas.

Ein gjennomarbeidd strategi for dette kan gi bedrifta di eit viktig og varig konkurransefortrinn. Riktig bruk av desse rettane vil då vere like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal.

Ein IPR-strategi gir retningslinjer for korleis immaterielle verdiar skal identifiserast og - når relevant - vernast, vedlikehaldast, forsvarast og utnyttast forretningsmessig.

Bedrifter med effektive IPR-strategiar plasserer einerettane sine (patent, varemerke og design) på lik linje med andre aktiva i rekneskapen.

Kva eiegedelar har bedrifta?

Start med å kartleggje bedrifta sine immaterielle ressursar. Kven av desse er nøkkelverdiar, som er viktigast for å oppnå bedrifta sine forretningsmål? Er det nokre verdiar som manglar? Skaff oversikt over kven som eig nøkkelverdiane. Det er også viktig å synleggjere immaterielle eigedelar i rekneskåpet og overfor eigarar, partnarar og andre interessentar.

Kva skal dei immaterielle verdiane og rettane brukast til?

  • Skaffe inntekter. Det kan blant anna skapast gjennom produkt og tenester samt gjennom lisensiering og sal av rettar.
  • Skaffe kapital. Rettar er viktig som dokumentasjon og sikkerheit for investorar, bankinstitusjonar og andre finansieringskjelder.
  • Inngå samarbeid. Aktuelle samarbeidsmåter kan vere samarbeid mellom verksemder, etablering av fellesforetakt eller innovasjon.
  • Redusere kostnader og risiko og inngå samarbeid.
  • Sikre posisjon i marknaden. Dette er blant anna for å sikre handlingsrom for teknologisk utvikling, blikkerer konkurrentar, kontrollere verdikjeda og byggje omdømme.

Korleis skal verksemda handtere dei immaterielle verdiane?

  • Få på plass interne rutinar som får fram idear frå eigne tilsette, og sørg for at eigarskapet til ideane blir fastsett. Veit leiinga kva dei tilsette sit på av kunnskap? Det er også viktig å klargjere kva bedrifta eig og kva den tilsette kan ta med seg. Det er behov for avtalar, forslagsordningar, retningslinjer og rutinar for innmelding av arbeidstakaroppfinningar, rutinar for gjennomgang av strategisk tyding og kor omfattande vern det krev, rutinar for gjennomgang av porteføljen med tanke på fornyingar, oppfølging av konkurrentar, rutinar ved inngrep m.v.
  • Held bedrifta godt nok på løyndommar? Sørg for god informasjonssikkerheit og konfidensialitet, og inngå avtalar både med eigne tilsette, konsulentar og underleverandørar til verksemda. Visse krav må være oppfylte for at informasjon skal bli rekna som forretningsløyndom, og det er viktig at verksemda kjenner til og innretter seg etter desse. 
  • Identifiser kva bedrifta kan gjere utan å krenkje andre sine rettar (freedom to operate). Finn ut kva andre har gjort og kva dere kan byggje på utan å krenkje andre sine rettar. 
  • Registrer rettar: sikre patent, varemerke og designvern.
  • Sørg for å utnytte rettane kommersielt.
  • Overvak rettar for å sjå kva viktige konkurrentar gjer eller følg med på om andre krenkjer bedrifta sine rettar.
  • Handhev rettane. Ta stilling til korleis dette bør gjerast og sørg for hjelp frå ekspertar.

Sørg for å få hjelp av ekspertar til å utvikle IPR-strategien. Sjå aktuelle rådgivarar på iprhjelp.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: