Tegning med flere artikler som kan være piratkopierte
Kilde: velgekte.no

Korleis unngå piratkopiar i di bedrift?

Verksemdene kan støyte på problem med piratvarer på ulike måter. Falske varer kan kome inn i bedrifta sine forsyningskjeder, eller verksemda sine produkt kan blir forfalska.

Handelen med piratvarer er ikkje ei uskuldig form for kriminalitet utan ofre. For bedriftene kan falske produkt ta ulovlege marknadsdelar, vatne ut originalproduktet, gi dei ekte produkta eit ufortent dårleg renommé og koste bedrifta mykje tid og pengar å bli kvitt. Piratvarer kan også skade forbrukarane si helse og tryggleik.

Også komponentar og delar som blir inkorporerte i andre produkt blir forfalska

Tidlegare var det særleg luksusvarer som vesker, solbriller og klokkar som blei piratkopiert. I våre dagar har fenomenet spreitt seg, og produsentane av piratkopiar har blitt svært profesjonelle.

Piratkopiar vedkjem i dag så å seie alle bransjar og produkttypar, som for eksempel verktøy, matvarer, hushaldsartiklar, leikar, elektronikk, flydeler, bildelar, sprøytemiddel til landbruket, sigarettar, møbel osv.

Også komponentar og delar til vidare produksjonslinjer blir piratkopiert i stort omfang. Dette kan gjere at det ferdige sluttproduktet til originalprodusenten endar med å få alvorlege kvalitetsmanglar.

Også profesjonelle innkjøparar kan bli lurte. Studiar viser at dei som står bak handelen med piratvarer blant anna bruker intrikate metodar og falske dokument for å tåkeleggje opphavet til vareparti med falske varer. I dagens situasjon med piratvarehandel blir det derfor enda viktigare enn tidlegare at bedriftene veit kven dei handlar med.

Viktig å ha ein medviten strategi for rettsvern og tiltak mot eventuelle krenkingar

Innovasjon krev pågangsmot og ressursar, og inneber risiko for dei bedriftene som er villige til å vere nyskapande. Det er viktig å sikre seg så godt som mogeleg mot piratkopiering slik at fruktene av nedlagt arbeid tilkjem deg, og ikkje den som snyltar på innsatsen din.

Du kan verne verksemda sine immaterielle verdiar på forskjellige måtar, men det finst ikkje nokre skreddarsytt løysing som passar for alle. Det viktigaste er at du tek aktivt stilling til kva måte som passar best for bedrifta di, både når det gjeld kva som skal vernas med rettar og korleis du vil handheve rettane dine dersom du blir ulovleg kopiert.

Nye reglar i tolloven gjer det enklare å stoppe piratkopiar i småpakkar bestilte på nett

Pandemien har ifølgje aktørar som Europol og OECD førte til ei markant oppblomstring av falske varer på nett. Studiar og rapportar viser at organiserte kriminelle står bak størsteparten av handelen med falske varer, og at dei tener enorme summar på dette. Trenden med store mengder falske varer som blir distribuert via nettet krev eit oppdatert regelverk.

Tidlegare var norsk lovgiving slik at Tolletaten berre kunne stoppe pakkepost med falske varer dersom varene blei innførte i næringsverksemd.

Frå 1. juli 2021 gjer endringar i Tolloven det mogeleg for Tolletaten å stanse og destruere små postsendingar med falske varer, også til private. Dette aukar høvet for å motarbeide ulovleg handel med piratkopiar og varemerkeforfalskingar.

Formålet med regelendringane er å bringe dei norske reglane på nivå med EU sine reglar og styrke rettshavarane si stilling.

Du kan be Tolletaten passe på

Dersom du mistenkjer at dei immaterielle rettane dine er krenkte, kan du inngå eit samarbeid med Tolletaten.

Tollstyresmaktene i Noreg har tre grunnlag for tilbakehald av varer som dei mistenkjer kan krenkje  immaterielle rettar:

1. Rettshavar kan søkje Tolletaten om hjelp

Dersom du mistenkjer at nokre krenkjer bedrifta sine rettar, er det viktig å vere klar over at du kan inngå eit samarbeid med Tolletaten både i Noreg og i utlandet, og be om assistanse til å stoppe piratvarer. Du søkjer då Tolletaten om hjelp gjennom ein søknad som du leverer i Altinn.

Rettshavarar som nyttar denne ordninga, vil også kunne nytte seg av forenkla framgangsmåte for øydelegging av piratvarer og småsendingar. Då kan også små postsendingar til private bli kverrsette.

2. Tilbakehald av piratvarer på grunnlag av eit mellombels rådvelde frå retten

Rettshavar kan velje om dei ønskjer å nytte seg av ordninga med mellombels åtgjerd. Eit krav om mellombels åtgjerd sender du til retten kor bedrifta di har forretningsstaden sin.

Immaterielle rettar må dokumenterast, og du må fremje ein påstand for kva du meiner retten si avgjerd bør bli. Ein slik påstand kan eksempelvis vere at Tolletaten ved innførsle eller utførsle skal søkje, avdekkje og halde tilbake varer som krenkjer retten din.

Etter at ei avgjerd er gjeven, er det opp til deg som rettshavar å kome til semje med importør om kva som skal skje med tilbakeheldte varer. Tingretten set ein kort frist for dette.

Det er viktig å merkje seg at ordninga med å søkje tollstyresmaktene om hjelp vil eksistere parallelt med ordninga med mellombels åtgjerd frå domstolane.

Ved bruk av mellombels åtgjerd vil du ikkje kunne nytte deg av dei forenkla framgangsmåtane for øydelegging av varer.

3. Tilbakehald kor det ikkje er gjort vedtak om hjelp eller mellombels rådvelde

Dersom rettshavar ikkje har eit mellombels åtgjerd eller eit vedtak om hjelp frå tollstyresmaktene, kan Tolletaten på eige tiltak halde tilbake varer som blir mistenkte å krenkje immaterielle rettar.

Når tollstyresmaktene tilbakeheld varer av eige tiltak, kan rettshavar få høve til å søkje om hjelp etter at varene er tilbakehald av Tolletaten. I slike tilfelle vil rettshavar motta eit varsel frå tollstyresmaktene om høvet til å søkje om hjelp.

Les meir og finn skjema for søknad om hjelp på Tolletaten sine sider

Tips som bedrifter kan vurdere for å avdekkje piratkopiar av eigne produkt

På nettsida  velgekte.no. kan du lese meir utfyllande om følgjande tips som verksemdene kan bruke for å avdekkje om somme sel forfalskingar av produkta deira:

  • Søk jamleg i marknaden etter piratkopiar
  • Merk varene dine med unike kjenneteikn – anti-piratkopieringsteknologi
  • Publiser liste over autoriserte forhandlarar
  • Lag avtaler med marknadsplassar på nett
  • Del informasjon om pakking av ekte merkevarer, transportruter etc. med Tolletaten
  • Ha klare avtalar om dei immaterielle rettane dine med samarbeidspartnarar, produsentar og underleverandørar

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: