Kvinne som pakker i esker.
Foto: mixetto/IStockphoto

Kva bør du tenkje på når du satsar i utlandet?

Viss du skal selje til utlandet eller leggje produksjonen dit, er det fleire ting du bør tenkje på for å lukkast.

Ei satsing i utlandet bør baserast på analyse for å finne ut kva marknader som er riktige for produkta dine. I tillegg må du ha ein plan for sal og marknadsføring i dei aktuelle landa. Dersom du ikkje har kompetanse på dette i eige verksemd, er det smart å søkje hjelp frå ekspertar. Du kan for eksempel sjekke kva Innovasjon Noreg kan hjelpe deg med.

Rettar viktig for å lukkast

Dersom du skal selje i nye marknader, kan det vere viktig å ha rettar til produkta for å stille sterkare dersom nokon prøver å kopiere desse. Både varemerke, patent og designregistrering kan vere nyttige i denne samanhengen. Det er også smart å sikre rettane i produksjonslandet, dersom det er utanfor Noreg.

I tillegg bør du sjekke kva rettar som finst i dei aktuelle landa, så du ikkje krenkjer andre sine rettar. Det kan fort bli dyrt, og ei internasjonal satsing kan vere bortkasta.

Det finst ordningar som gjer det enkelt å søkje rettar i andre land utan at du må sende søknader til alle landa.

Les meir om patentering i utlandet

Les meir om varemerkeregistrering i utlandet

Les meir om designregistrering i utlandet

Lisensiering

Eit alternativ til å eksportere varer til utlandet, kan vere lisensiering. Då får andre rettar til å selje produkta dine mot ei godtgjersle. Det kan vere ein praktisk og lønnsam måte å nå ut til nye marknader på. Då kan du finne aktørar som allereie er etablerte og kjenner marknaden, slik at du lettare kan estimere kor stor marknaden er for produktet ditt. Ved lisensiering er det også smart å ha rettar i botnen.

Les meir om lisensiering

Produksjon i utlandet?

Mange set ut produksjonen til lågkostland i Asia og Øst-Europa. Dersom du har planar om det, er det smart å få på plass gode avtalar for å sikre at ikkje produksjonsselskapet kopierer dine varar og sel parallelt.

Det kan også vere smart å følgje med på om falske kopiar av produkta dine blir selde i utlandet. Du kan inngå avtalar med for eksempel advokatfirma eller andre som er ekspertar på å følgje med på piratkopiering på vegner av varemerkeinnehavarar.

Les meir om korleis du unngår piratkopiar

Les på velgekte.no. korleis du kan sikre deg mot piratkopiering

Sjå oversikt over finansiering av internasjonal satsing hos Innovasjon Noreg

Les om andre verksemder som har lukkast internasjonalt

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: