
Har eg lov til å strikke det eg vil?
Det vi kan seie ganske sikkert, er at du kan strikke kva du vil til deg sjølv, altså til privat bruk. Du kan også strikke til familien din utan å tenkje på dette, og du kan gi heimestrikka gåver til dei du vil. Men med ein gong du går over til å tene pengar på det du strikkar, trer det fleire sett av reglar inn, og biletet blir temmeleg komplisert.
Strikkeprodukt kan designregistrerast
Vi i Patentstyret har gitt rettar til fleire typar produkt som er strikka. Når det du strikkar gir ein ny utsjånad til eit produkt eller del av eit produkt, kan du registrere det etter designlova. Då får du einerett til denne utsjånaden og kan fastsetje kven som kan bruke det for å tene pengar på det. Du «eig» dette designet, og designretten er som eit innpakningspapir som gjer det lettare å omsetje i pengar. Du kan velje om det berre er du som skal produsere, eller om du vil selje eller leige bort denne retten. Men som vi sa fyrst, til privat bruk kan alle nytte ei strikkeoppskrift.
Kva med opphavsrett?
Kva så med tradisjonelle mønster som Selbu eller Marius? Tja, her er vi på litt usikker grunn. I utgangspunktet er all tradisjonell strikk fri for alle å bruke både privat og kommersielt. Men enkelte hevdar å ha opphavsrett til nokre mønster, som Marius. Dermed hevdar dei at dei veit kven opphavspersonen til mønsteret er. Det betyr at somme «eig» dette mønsteret inntil 70 år etter at vedkomande opphavsperson er død. Det er domstolane som til sjuande og sist avgjer om det kan provast at eit mønster blei skapt av ein bestemt person, slik at vedkomande har opphavsrett. Men igjen, du kan lage kva du vil for å bruke privat.
Men kva dersom du skaper noko nytt, får du opphavsrett då? Ja, det kan du få. Denne retten er ikkje like lett å bruke som «innpakningspapir» for kjøp og sal, sidan den ikkje er sikker før domstolen har avgjort det.
Kan du publisere andre sine strikkeoppskrifter?
Det er ikkje nødvendigvis greitt å leggje ut andre sine mønster og plagg på internett, Facebook, blogg, i eit diskusjonsforum eller liknande. Samtidig er det veldig vanskeleg å seie heilt sikkert om dette er ulovleg, fordi det i mange tilfelle vil vere nokså uklart om eit strikkemønster er verna av opphavsrett eller ikkje.
Marknadsføringslova kan gjelde
Vi har også ein marknadsføringslov som har reglar om korleis partar i salssituasjonar skal oppføre seg tmot kvarandre. Den kan få tyding i slike saker. Les meir om lova
Les meir om opphavsrett på regjeringa.no.
Les meir om regstrering av design
Blei du klokare no, eller blir dette opplevt som juridisk ull? Send oss gjerne kommentarar eller spørsmål, så skal vi svare så godt som mogeleg. Ta kontakt med kundesenteret vårt.