Har du ein IPR-strategi?

Innovasjon bidrar til å sikre verdiar, skape verdiar og å unngå feilinvesteringar i utviklings- eller innovasjonsprosessar. Det er viktig å tenkje på korleis du skal forvalte og foredle dei immaterielle verdiane og rettane - patent, varemerke og design.

Ein gjennomarbeidd strategi for dette kan gi bedrifta di eit viktig og varig konkurransefortrinn. Riktig bruk av desse rettane vil då vere like viktig for kommersiell suksess som finansiering, marknadsføring og sal.

Bedrifter med effektive IPR-strategiar plasserer einerettane sine (patent, varemerke og design) på lik linje med andre aktiva i rekneskapen.

Til dømes: Ein MP3-spelar, kan gjerne vere patentbeskytta for dei ulike tekniske komponentane som gjer det mogleg å høyre på musikk. Designet er den samla utsjånaden på MP3-spelaren eller enkeltelement som knappar, skjermbilde, lydtastar eller tilsvarande som lar seg beskytte med designregistrering. Namnet på produktet er ofte beskytta som eit varemerke, slik som iPad eller Sony. Dei mest kjende formene for eit slikt merke kan vere ein figur eller eit ord slik at ein kjenner igjen vara, og kan direkte eller indirekte skilje vara frå andre varer. Musikken du høyrer på, er beskytta av opphavsrett (copyright), men til skilnad frå patent-, varemerke- og designregistrering er ikkje opphavsrett mogleg å beskytte med registrering.

Forvaltning og utvikling: Ein må forvalte og utvikle IPR eller immatrielle verdiar i ei bedrift på lik linje med andre verdiar. Registrerte rettar som patent, varemerke og design er ein del av dette, men minst like viktig er kompetansen til medarbeidarar og eigne produkt. Dette kan du utvikle gjennom ei aktiv kunnskapsleiing med rutinar og aktivitetar som tar vare på dette, for eksempel ved å

  • inngå avtalar med tilsette om rettane til arbeid og oppfinningar
  • arbeide med informasjonssikkerheit og konfidensialitet og ha avtalar med både eigne tilsette, konsulentar og underleverandørar til verksemda (NDA)
  • jamleg kartlegge både kompetansebehov og status på eigne rettar, og utarbeide ein IPR-strategi
  • avklare rettane til eigne produkt. Du risikerer å bryte rettane til andre viss du ikkje har gode interne rutinar for å undersøkje dette: ved å avklare dette reduserer du den økonomiske risikoen for å utvikle produkt du ikkje kan selje.

Aktuelle spørsmål

  • Har du oversikt over kva slags patent konkurrentane dine søkjer på?
  • Held bedrifta di godt nok på hemmelegheitene?
  • Veit leiinga kva dei tilsette sit på av kunnskap?
  • Kva slags immaterielle verdiar har verksemda, og korleis blir verdiane forvalta?

Er du usikker på svara på desse spørsmåla, bør du bruke tid med kollegaer, styre, eksterne eller andre ressursar i verksemda for å sørge for ei strategisk tilnærming.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: