hjelm_alle960x320.png

Kva er forskjellen på patent og varemerke?

Vi får ofte spørsmålet: «Kan eg ta patent på eit namn?» eller «kan eg ta patent på ein idé?» Mange trur at patent er eit sekkeord for alle typar rettar og einerett. Dermed trur dei det er mogleg å ta patent på det meste. Lat oss rydde litt i omgrepa og fjerne misforståing.

Eit patent er ein einerett du kan få på ei konkret teknisk løysing , mens eit varemerke er eit kjenneteikn som skal skilje dine varer og tenester frå andre sine. Eit produkt kan ha fleire rettar, og vi kan bruke hjelmen på biletet som eksempel. Du kan få patent på den tekniske låsen, logoen og namnet kan bli registrert som varemerke og utsjånaden på hjelmen kan bli registrert som design. 

Krav til patent

For å få patent må oppfinninga vere ny, ha teknisk effekt og kunne reproduserast. Du få¨r ikkje patent på ein idé utan å forklare korleis den kan gjennomførast i praksis. Sjølve oppfinninga kan vere eit konkret produkt, eit nytt bruksområde eller ein framgangsmåte for å løyse eit problem. Eksempel er skibindingar, datamaskinteknologi, produksjonsmetodar og sensorar. Les meir om kriteriane for å få patent. 

Ulike typar varemerke

Du kan ikkje få patent på eit namn, eit ord eller ein logo. Men du kan få registrert namn, ord og logo som varemerke. Eit varemerke brukest altså for å skilje dine varer og tenester fr¨å andre sine. Det kan bestå av alle slags teikn, og må kunne visast grafisk. Varemerket kan bestå av eitt eller fleire ord, namn, logoar, figurar og bilete, bokstavar og tal. Visste du at også emballasje, lyd, lukt og smak kan bli registrert som varemerke?

Det finst ulike typar varemerke: figurmerke, ordmerke, kombinert merke, slagord, tredimensjonale merke, tal og bokstavar, lydmerke, luktmerke og smaksmerke. Eit varemerke skal ikkje vere skildrande for varen eller tenesten og bør ha det vi kallar særpreg. Det skal altså skilje seg frå det som allereie er på marknaden. Les meir om varemerke.

Du kan verne utsjånaden eller forma på eit produkt gjennom ei designregistrering. Les meir om kva krav som gjeld og korleis du får designvern

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: