PAtentstyrets_soketjeneste960x320.png

Patentstyret si søkjeteneste - ei ukjend inspirasjonskjelde

Jobbar du med idear til ny teknologi eller nye produkt? Ofte kan det vere inspirerande å sjå kva som allereie finst av liknande teknologi på marknaden. Det kan vere noko du skal spinne vidare på, eller kanskje du finn ei nisje der det ikkje finst produkt i dag?

Ei kjelde til slik informasjon er søkjetenesta vår. Her finn du ei oversikt over søkte og innvilga patent, varemerke og designregistreringar. Det kan gi god innsikt i kva område som allereie er godt dekka og der det dermed ikkje er så lett å utvikle nye løysingar. Du kan også bruke denne informasjonen til å finne ut på kva område det er best potensiale for nyutvikling.

− Er du på utkikk etter eit namn til verksemda eller det nye produktet, så er det smart å sjekke at ingen allereie har registrert dette namnet som varemerke. Det er bortkasta å bruke tid og ressursar på noko som du ikkje kan komme ut i marknaden med utan at du krenkjer andre sine rettar, fortel seniorrådgjevar i Patentstyret, Peter Risholm.

Viktig i idéfasen

Ei av mange bedrifter som bruker denne søkjetenesta, er Kavli. Varemerkesjef i Kavli, Cecilie Elvestad Irgens, fortel at søkjetenesta er viktig for selskapet.

− I Kavli meiner vi at det alltid finst betre måtar å gjere ting på, og det er viktig at vi som selskap ikkje kopierer andre. Ho legg til at Kavli jamleg bruker søkjetenesta som eit oppslagsverk.

For søkjetenesta har fleire funksjonar. Den kan blant anna brukast til å finne andre som jobbar innanfor same område, eller potensielle samarabeidspartnarar innanfor eit prosjekt. Eller kan hende det er teknologi som er aktuelt å lisensiere for å vidareutvikle i eigne produkt? Lurer du på kva konkurrentane gjer? I søkjetenesta kan du også finne ut om dei har søkt om patenter, varemerke eller designregistrering. 

For CEO i Veenner AS, Gwendoline Scarlett Mesembe, har dette vore til stor hjelp, og Mesembe fortel at selskapet ofte tar søkjetenesta i bruk.

Du kan bli varsla når noko skjer

I søkjeteneste er det også mogleg å sette opp varsling slik at du får ein e-post viss det skjer noko i ei sak, til dømes at eit patent blir godkjent eller eventuelt avslått. Det er også mogleg å få vite kva for nye søknadar som kjem innanfor spesifikke varer eller tenester.

− Jobbar du til dømes med utvikling av sykkelutstyr, så kan du få eit varsel når andre søkjer om rettar på det området, seier Peter Risholm.

Sjekk ut søkjetenesta

Lær meir om varslingstenesta

Denne artikkelen er skriven av Torill Hovd Henriksen og er tidlegare publisert på Innomag.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: