Vi opplever dessverre ustabilitet rundt påmelding til kurs. Vi beklager dette. Hvis påmeldingsskjemaet ikke fungerer, kan du sende en e-post til kurs@patentstyret.no med navnet ditt, ev. firma, telefonnummer, e-postadresse og navnet på kurset.

Lukk denne meldingen
Finn varemerke, design, patent
IPR_viktig_for_investorer_960x320.png

Registrerte rettar kan vere viktig viss du treng eksterne investorar

Har du etablert ei verksemd, så har du kanskje behov for å få inn ein investor eller kreditt frå ein bank. Då kan det vere smart å ha registrerte rettar til patent, varemerke eller design.

Ingrid Teigland Akay er managing partner i Hadean Ventures, som investerer i selskap innanfor livsvitskap og medtek. Dei stiller krav til sine investeringsobjekt. «Som investor i oppstartsverksemder innan livsvitskap og medtek, så meiner vi patent er heilt avgjerande for interessa vår. Medisinske produkt krev store investeringar over lang tid for å nå marknaden, og for at desse investeringane skal kunne skape fornuftig avkastning, må verna rettar til produkta vere på plass. For oss vil det i nesten alle høve vere patent», seier Akay.

Koreis kan bedriftene leggje til rette for eksterne investorar? Akay seier at ein omfattande forretningsplan er viktig for å trekkje til seg investorar. I denne planen er det mange aspekt som bør beskrivast, som teamet, utviklingsplan for produktet, kapitalbehov, tidsliner, marknadspotensialet, konkurransesituasjonen - og sjølvsagt IP-strategi.

Hennar tips til verksemder som ønskjer å trekkje til seg investorar?

«Det kan vere nyttig ¨innleie dialog med potensielle investorar tidleg. Det tar lang til å hente inn kapital, så ikkje vent til du er nesten tom for pengar».

DNB gir finansiering til helseindustrien kor dei blant anna finn selskap som utvikler og produserer legemiddel og medisinsk utstyr. Desse har normalt patentert produkta sine. Hovudformålet med patenteringa er å verne mot kopiering, noko som er særleg viktig når vi veit at utvikling av for eksempel nye legemiddel er svært tidkrevjande prosessar.

Patentet gjeld normalt for 20 år. Etter at produktet er i marknaden, har ein typisk 12-15 år igjen av patentvernet. Dette har samanheng med at patenteringa av «formelen/oppbygginga» skjer lenge før produktet er klart for marknaden. Utan slik patentvern ville det normalt ikkje vere lønnsomt å utvikle nye produkt, noko som sjølvsagt ville hatt dramatiske negative konsekvensar for pasientbehandlinga.

«Helseindustriene er ein stabilt veksande bransje på verdsbasis, og dei store selskapa har gjerne hundrevis av produkt, og dermed også patent. Dersom eit av desse skulle miste verdien sin, har dette normalt ingen smitte-effekt på dei øvrige produkta i deira portefølje. Skulle selskapet få økonomiske problem som følgje av at dei til dømes må betale ei erstatning på grunn av forhold knytta til eit enkelt produkt, vil verdien av deira øvrige produkt normalt ikkje bli påverka. Desse representerer dermed ein relativt likvid eigendel som kan selgjast slik at selskapet får tilgang til kontantar og dermed løyse ei mogleg likviditetskrise», seier Straume.

«Dette er ein viktig grunn til at vi innanfor helseindustrien liker immatrielle rettar», seier Straume. «Kvar enkelt av dei er lite påvirka av konjunkturar og operasjonelle utfordringar i selskapa som eig dei. Og dei er relativt likvide tryggleikar».

Meir kunnskap om verdifastsetting av IPR?

Vi held kurs i dette hausten 2019. Følg med på kurssidene

Treng du ein rådgivar?

Sjå oversikta på nettsida IPR-hjelp


Fann du det du lette etter?
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret:
×

Gi oss din tilbakemelding om patentstyret.no

Hjelp oss å bli bedre!

Vi ønsker å tilpasse nettstedet vårt best mulig til dine behov. Vi håper at du vil hjelpe oss ved å svare på noen få spørsmål. Det tar bare et par minutter, og svarene dine vil være anonyme.

Alternativ: Tilbakemeldingene dine er verdifulle for oss, og vi setter pris på om du kan bruke 3 minutter til å svare på noen enkle spørsmål om våre nettsider.

Ja Nei