To personer snakker sammen
Foto: Patentstyret

Eg har ein idé

Verdiar blir skapte gjennom idear frå kreativt arbeid. Ta vare på kompetansen, erfaringa og rettane til ideane, det er verdifullt for deg og bedrifta di.

Er ideen din ny?

Sjekk om andre har tenkt på det same som deg. Før du investerer mykje tid og pengar på å utvikle og beskytte ideen din, er det smart å sjekke om andre allereie har rettar knytte til noko tilsvarande.

Søk i søkjetenesta til Patentstyret etter varemerke, design eller patent, så finn du ut om andre har søkt om eller fått innvilga rettar til noko som liknar ideen din. For å få patent, må idéen vere ny. Eit tilsvarande produkt eller løysing som er kjend ein annan stad i verda, vil vere til hinder for at du får patent. Du vil dermed krenkje andres rettar dersom du går vidare med dette produktet.

Rettar i utlandet: du kan ikkje sjekke desse i søkjetenesta vår, men her er eit utval av internasjonale databasar som er fritt tilgjengelege.

Bestill ei forundersøking. Vi gjer ein grundig sjekk for deg. Har du funne eit aktuelt namn til bedrifta eller til eit nytt produkt, bør du sjekke om namnet allereie er registrert som varemerke.

Domenenamn: Sjekk også om namnet allereie er registrert som eit domenenamn. Det finn du ut ved å bruke «Namnesøk» - namnesok.no, ei nettside som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.  Du kan også sjekke på nettsidene til Norid. 

Føretaksnamn: Sjekk også om namnet allereie er registrert som føretaksnamn. Det finn du ut ved å bruke «Namnesøk» - namnesok.no, ei nettside som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk. Du kan også sjekke i Brønnøysundregistra.

Kor er marknaden og kven er kundane?

Sjølv om ideen er både god og ny, er det ikkje sikkert han har kommersielt potensial. 

For å tene pengar på ideen din må du først undersøkje marknaden. Du må vurdere om det er behov for produktet eller tenesta, og om produktet eller tenesta har gode føresetnader for å klare seg i konkurranse med andre.

  • Er teknologien framtidsretta, slik at han er levedyktig om nokre år?
  • Kva er marknaden villig til å betale for produktet?
  • Kva slags marknader skal du satse i, kor skal du produsere og korleis skal du distribuere?
  • Korleis skal du gjere produktet kjent i marknaden, og kven er konkurrentane?
  • Kva er fordelane med produktet ditt samanlikna med konkurrentane sine?
  • Skal du satse åleine eller treng du samarbeidspartnarar?

Det er mange spørsmål å ta stilling til, og du treng å utvikle ein strategi for å jobbe strukturert og målretta.

Få inspirasjon utan å bryte rettane til andre

Søkjetenesta vår

I søkjetenesta vår finn du all offentleg informasjon rundt varemerke, patent og design i Noreg. Frå eitt og same søkjefelt får du raskt oversikt over kven som har rettar til kva, illustrasjonar og bilete knytte til ulike registreringar, status i saker og historikk rundt betaling av avgifter. Verktøyet gir òg nye moglegheiter for samanstilling av opplysningar, sortering og analyse med fortløpande varsling av endringar.

Forundersøking

Ei forundersøking kan gi deg viktig informasjon og innspel både i forkant og i etterkant av ein søknadsprosess. Tenesta søkjer i Patentstyret sine eigne databasar og i andre relevante databasar verda over. Tenesta kan gi deg verdifull informasjon om teknisk utvikling og rettar som andre har på fagområdet ditt.

Når bedrifter utviklar ny teknologi eller tenester, er dei sjølve ansvarlege for å unngå å krenkje andre sine rettar. Det krev inngåande kunnskap om kva som er registrert av rettar innanfor det området utviklinga skjer. Ein utviklingsprosess er tidkrevjande og kostbar, og derfor ligg det eit vesentleg insentiv for bedrifter og forskingsmiljø i å undersøkje om det finst både rettar og moglegheiter for samarbeid. Dette reduserer risikoen for å finne opp hjulet på nytt, og du opnar døra for framtidig samarbeid, partnarskap og lisensieringsmoglegheiter.
Les meir om forundersøkingar.

Finansiering

Bedrifter og forskingsinstitusjonar er i dag avhengige av verdiane som blir skapte gjennom kunnskap, relasjonar, kreativitet, metodar og kompetanse:

  • Den viktigaste verdien kan vere logoen eller designet ein brukar for å kommunisere med marknaden.
  • For andre kan det vere nye idear til tekniske løysingar eller framgangsmåtar.
  • Det kan også vere forskingsresultat og bruk av kunnskap.

Verdiane på rettane kan bety mykje for å få innpass hos investorar. Å ha rettane i orden viser at du er seriøs, og at ideen er meir enn lause tankar. Det finst ulike typar finansieringskjelder, alt frå profesjonelle investorar til såkalla "folkefinansiering" der du går breitt ut og fleire er med finansielt. I tillegg finst det ei rekkje støtteordningar frå offentlege aktørar, som for eksempel Innovasjon Noreg.
Sjå oversikta over tilbydarar på nettsidene til Innovasjon Norge.
Sjå også Starte og drive bedrift hos Altinn
Registrerte rettar kan vere viktig for eksterne investorar

Har du ein IPR-strategi?

IPR er eit samlenamn for blant anna patent, varemerke og design. Innovasjon bidrar til å sikre verdiar, skape verdiar og unngå feilinvesteringar i utviklings- eller innovasjonsprosessar. Det er viktig å tenkje på korleis du skal forvalte og foredle desse verdiane og rettane.
Les meir om IPR-strategi

Oppstartsbedrift eller gründer

I oppstartsfasen har du avgrensa med midlar og lite erfaring med IPR. Du må derfor prioritere hardt korleis du skal ta vare på verdiane du skaper, for å tene pengar på dei i framtida.

Det kostar pengar å søkje og få patent eller eit registrert varemerke. Det kostar meir for kvart land du søkjer i, og du må sjå utgiftene opp mot inntektene. Det er ikkje sikkert det vil lønne seg med eit patent, samtidig som kostnadane med patent i fleire land stort sett ikkje er så høge samanlikna med den totale kostnaden for å utvikle eit produkt frå idé til det er på plass i marknaden.

  • Prioriter eigne IPR-aktivitetar slik at du tar vare på og utviklar ideane ved å vere bevisst på kven du formidlar idear og planar til. Skriv konfidensialitetsavtalar med dei du jobbar saman med, og sørg for god informasjonssikkerheit ved å hindre datainnbrot eller tap av data.
  • Dokumenter både kva som er dine eigne IPR-verdiar, og korleis du skal sikre desse verdiane. Det er nyttig informasjon dersom du har behov for investeringskapital.
  • Set deg inn i og ver merksam på reglar som gjeld publisering, dersom det er aktuelt å søkje om patent eller å beskytte eit design.
  • Bruk rådgivingstenester til å utvikle IPR i di eiga verksemd.
  • Skaff deg eit nettverk med kompetanse på IPR.

Få hjelp på vegen

Ta kontakt med oss i Patentstyret viss du har spørsmål. Du kan ringje kundesenteret vårt og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar.
Telefon: +47 22 38 73 00.

Lær av andre

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: