Lillian_Elena.jpg

Eg har ein rett

Ta vare på rettane dine. Rettar kan gi høve for samarbeid.

Forny retten din

For å oppretthalde retten din må du fornye den med jamne mellomrom.

  • Varemerke: du kan fornye varemerket dine kvart 10. år så lenge du ønskjer det
  • Design: du kan fornye designa dine kvart 5. år i inntil 25 år til saman
  • Patent: du opprettheld eineretten ved å betale årlege avgifter i inntil 20 år

Les meir om fornying

Handhev retten din

Følg med på at ingen andre krenkjer retten din ved hjelp av varslingstenesta vår. Då får du melding dersom nokon søkjer om å registrere rettar innanfor same område. Det finst også verksemder som kan gjere overvaking. Jobbar du i fleire marknader og med store varemengder, kan det vere aktuelt å samarbeide med Toll, slik at dei kan stoppe vareleveransar dersom det er mistanke om ulovlege kopiar.

Klagar på føretaksnamn

Føretaksnamn eller firmanamn blir registrert i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Dersom andre registrerer eit namn du meiner ligg for nært ditt, kan du klage på registreringa til Patentstyret. Meir informasjon om klagar på føretaksnamn

Klagar – varemerke, design og patent

Du kan klage på avgjerder som er treft av Patentstyret i di eiga sak eller i andre saker der du meiner nokon har fått ein rett på feil grunnlag. Meir informasjon om klagar/konfliktar

Utnytt retten din kommersielt

Dokumenterte rettar gjer det enklare å inngå samarbeidsavtalar om til dømes lisensiering. Slik kan du utvide marknaden gjennom samarbeid med andre. Du kan også lisensiere inn for å byggje vidare på andre si produktutvikling. Det er viktig å gjere eit godt forarbeid med å fastsetje verdien av rettane og inngå gode avtalar med samarbeidspartnarane. Patentrettar kan også pantsettast, og kjøpast og seljast på linje med andre verdipapir.

Følg med på konkurrentane dine

Ved hjelp av varslingstenesta vår kan du halde deg oppdatert på kva konkurrentane dine gjer og kva rettar dei søkjer. Du kan også få inspirasjon til vidare produktutvikling og dessutan finne aktuelle samarbeidspartnarar som du ser har rettar innanfor fagområde som er interessante for verksemda di.

Få hjelp på vegen

Ta kontakt med oss i Patentstyret dersom du ha spørsmål. Du kan ringe kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du er også velkomen til å gjeste oss i lokala våre i Oslo. Vi tilbyr kurs for nybegynnarar og dei meir erfarne, både frukostmøte og heildagskurs. Les om kurstilbodet

Offentlege aktørar

Andre offentlege aktørar som kan hjelpe deg med blant anna forretningsstrategi og økonomisk stønad er Innovasjon Noreg, Noregs forskningsråd, Norsk design- og arkitektursenter, SIVA sine nettverk - klyngjar, inkubatorar osv. Les om stønadsordningar på nettsidene til Innovasjon Noreg

Private rådgivarar

Private rådgivarar og patentbyrå kan hjelpe deg med søknaden din, og følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar. Trass namnet har eit patentbyrå som regel ekspertar på alle former for immaterielle rettar, inkludert varemerke og design. Sjå oversikt over aktørar på IPRhjelp.no

Lær av andre

Sjå korleis andre har gjort om sine idear til verdiar for seg og verksemda.

Få hjelp på vegen

Ta kontakt med oss i Patentstyret viss du har spørsmål. Du kan ringe kundesenteret vårt og snakke med ein veiledar eller ein saksbehandlar.

Takk for tilbakemeldinga di
Denne siden ble sist endret:
×

Gi oss din tilbakemelding om patentstyret.no

Hjelp oss å bli bedre!

Vi ønsker å tilpasse nettstedet vårt best mulig til dine behov. Vi håper at du vil hjelpe oss ved å svare på noen få spørsmål. Det tar bare et par minutter, og svarene dine vil være anonyme.

Ja Nei