Eg søkjer einerett

Du kan sikre deg einerett på namn, logoar, oppfinningar og design på ulike måtar.
hjelm_alle700x347.png

Det kan vere aktuelt for deg å søkje fleire typar einerett for den same ideen eller det same produktet, som i eksempelet over. Ein sykkelhjelm kan innehalde tekniske element som kan vernast med patent, utsjånaden vernes av ei designregistrering, og namnet eller logoen med varemerkeregistrering.

Du bør også vurdere om domenenamn og føretaksnamn er aktuelt, slik at du sikrar full fridom til å bruke det aktuelle namnet og unngår at andre tek namnet i bruk. Sjekk namnesok.no - ei nettside som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.

Selvtest

Ta sjølvtesten på iprhjelp.no., og sjå kva rettar som er aktuelle for deg.

Andre strategiar

Forretningskonsept / forretningsidé
Ein forretningsidé, -konsept eller metode kan i utgangspunktet ikkje registrerast som verken patent, varemerke eller design, men marknadsføringslova vernar til ein viss grad mot at andre kopierer slike konsept og prøver å utnytte innsatsen din.

Hemmeleghald
Nokon vel å halde for eksempel tekniske oppfinningar og framgangsmåtar hemmeleg, og vernar det på den måten. Da er det viktig å ha gode avtalar med samarbeidspartnarar som treng å få innblikk i verksemda, slik at du unngår uønskt kopiering eller at bedriftsløyndomar kjem på avveg.

Opphavsrett, copyright, åndsverk
Opphavsrett (eller copyright) er retten til litterære og kunstnarlege åndsverk, for eksempel eit musikkstykke, ei bok, eit måleri, brukskunst eller ein film. Denne retten kan ikkje registrerast, men oppstår når verket blir skapt.

Søk i utlandet

Dersom du ønskjer å søkje om einerett på ideen din i andre land, bør du tenkje på dette tidleg i prosessen, spesielt når det gjeld oppfinningar. Søknadsprosessen kan vere kompleks og det vil som oftast lønne seg å få hjelp av ein profesjonell rådgivar.

Meir om varemerkeregistrering i utlandet 
Meir om designregistrering i utlandet 
Meir om patentering i utlandet

Få hjelp på vegen

Ta kontakt med oss i Patentstyret dersom du ha spørsmål og kva rett som passar best til verksemda di. Du kan ringje kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du kan også besøkje oss i lokala våre i Oslo.

Private rådgivarar

Private rådgivarar og patentbyrå kan hjelpe deg med søknaden di og følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar. Patentbyrå er ekspertar på alle former for immaterielle rettar, inkludert varemerke, design og stratregisk IPR-rådgiving.
Sjå oversikt over aktørar på IPRhjelp.no

Kurs

Vi tilbyr kurs for nybegynnarar og dei meir erfarne, både frukostmøte og heildagskurs.
Sjå kurstilbodet.

Offentlege aktørar

Andre offentlege aktørar som kan hjelpe deg med blant anna forretningsstrategi og økonomisk stønad, er Innovasjon Noreg, Noregs forskningsråd, Norsk design- og arkitektursenter, SIVA sitt nettverk - klyngjar, inkubatorar osv.

Sjå liste over offentlege aktørar 
Sjå også Starte og drive bedrift hos Altinn

Lær av andre

Sjå korleis andre har gjort om sine idear til verdiar for seg og verksemda.

Få hjelp på vegen

<p>Ta kontakt med oss i Patentstyret viss du har spørsmål. Du kan ringe kundesenteret vårt og snakke med ein veiledar eller ein saksbehandlar.</p>

Takk for tilbakemeldingen din!
Denne siden ble sist endret:
×

Gi oss din tilbakemelding om patentstyret.no

Hjelp oss å bli bedre!

Vi ønsker å tilpasse nettstedet vårt best mulig til dine behov. Vi håper at du vil hjelpe oss ved å svare på noen få spørsmål. Det tar bare et par minutter, og svarene dine vil være anonyme.

Ja Nei