Eg søkjer einerett

Det kan søkje fleire typar einerett for den same ideen eller det same produktet. Sjå eksempelet over. Ein sykkelhjelm kan innehalde:
- tekniske element som kan vernast med patent
- utsjånaden vernes av ei designregistrering
- namnet eller logoen med varemerkeregistrering
Tips: Kanskje du har behov for domenenamn og føretaksnamn også? Les meir om desse og andre strategiar lenger ned på sida.
Andre strategiar
Domenenamn og føretaksnamn
Du bør også vurdere om domenenamn og føretaksnamn er aktuelt, slik at du sikrar full fridom til å bruke det aktuelle namnet og unngår at andre tek namnet i bruk. Sjekk namnesok.no for å sjå om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.
Forretningskonsept/forretningsidé
Ein forretningsidé, -konsept eller metode kan i utgangspunktet ikkje registrerast som verken patent, varemerke eller design, men marknadsføringslova vernar til ein viss grad mot at andre kopierer slike konsept og prøver å utnytte innsatsen din.
Hemmeleghald
Nokon vel å halde for eksempel tekniske oppfinningar og framgangsmåtar hemmeleg, og vernar dei på den måten. Da er det viktig å ha gode avtalar med samarbeidspartnarar som treng å få innblikk i verksemda, slik at du unngår uønskt kopiering eller at bedriftsløyndomar kjem på avveg. Lær meir om hemmeleghald i dette webinaret.
Opphavsrett, copyright, åndsverk
Retten til litterære og kunstnarlege åndsverk, for eksempel eit musikkstykke, ei bok, eit måleri, brukskunst eller ein film. Denne retten kan ikkje registrerast, men oppstår når verket blir skapt.
Sjølvtest
Ta sjølvtesten på iprhjelp.no, og sjå kva rettar som er aktuelle for deg.
Søk i utlandet
Dersom du ønskjer å søkje om einerett på ideen din i andre land, bør du tenkje på dette tidleg i prosessen, spesielt når det gjeld oppfinningar. Søknadsprosessen kan vere kompleks og det vil som oftast lønne seg å få hjelp av ein profesjonell rådgivar.
Meir om varemerkeregistrering i utlandet
Meir om designregistrering i utlandet
Meir om patentering i utlandet
Få hjelp på vegen
Ta kontakt med oss i Patentstyret dersom du har spørsmål om kva rett som passar best til verksemda di. Du kan ringje kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du kan også avtale eit møte med oss.
Private rådgivarar
Private rådgivarar og patentbyrå kan hjelpe deg med søknaden din og følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar. Patentbyrå er ekspertar på alle former for immaterielle rettar, inkludert varemerke, design og stratregisk IPR-rådgiving.
Sjå oversikt over aktørar på IPRhjelp.no
Offentlege aktørar
Innovasjon Noreg, Forskningsrådet, Design og arkitektur Norge (DOGA), Siva sitt nettverk av klyngjar, inkubatorar, katapultsentre osv. kan hjelpe deg med blant anna forretningsstrategi og økonomisk stønad.
Sjå liste over offentlege aktørar
Sjå også Starte og drive bedrift hos Altinn
Lær av andre
Les om korleis andre verksemder har teke vare på idear og teknologi.
Sjå fleire dømer