Bedriftsinterne kurs – tilpassa verksemda di
Har de kontroll og oversikt over korleis de tek vare på verdiane de skaper i verksemda? For å utvikle ein god strategi og unngå fallgruver er det ein føresetnad å ha kunnskap om immaterielle verdiar.
La oss halde eit kurs internt hos dykk med eit skreddarsydd program bygd på dei spesielle behova de har. Då kan fleire medarbeidarar få akkurat den kunnskapen som er relevant, og de kan diskutere interne saker de treng å arbeide vidare med.
Vi kan byggje opp kurset rundt ein bestemt utviklingsprosess i verksemda, eller organisere ein workshop for å kvalitetssikre interne og eksterne prosessar vidare.
Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande samtale om mogleg innhald og pris.
Kenneth Bech
Telefon 22 38 73 83
Mobil 908 92 100
E-post kbe@patentstyret.no