Kontakt oss for foredrag

Dei siste åra har vi opplevd ein stor auke i spørsmål om å halde foredrag, noko som viser at kompetansen vår er viktig for stadig fleire aktørar.

Dei dyktige foredragshaldarne våre presenterer tema som patent, varemerke- og designvern og Patentstyret sin database. Foredraga blir heldt for næringsliv, forsknings- og utdanningsinstitusjonar og presentasjonen blir tilpassa målgruppa.

Vi tilbyr gratis foredrag ved universitet, høgskolar og ved foredrag på inntil 2,5 timer ved ikkje-kommersielle arrangement. Viss du ønskjer foredrag frå oss til eit kommersielt arrangement som kurs og seminar med deltakaravgift, tek vi honorar. Prisen avtalar vi for kvart oppdrag, og oppdragsgivar dekkjer reise og opphald utanfor Oslo.

Er du interessert i eit foredrag ved undervisningsinstitusjonen din eller til arrangementet ditt?

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: