Caser. Lær av andre
Amicoat sikrar inntektene gjennom patentering
Amicoat er eit bioteknologiselskap som leverer innovative løysingar til partnarane sine. Inntektene kjem i form av milestolpebetalingar og lisensinntekter frå produsentane. Med ein slik forretningsmodell er det avgjerande at dei vernar teknologien gjennom patent og varemerke.
BABLISS sel babyvogge med alle rettar
Deira suksessfulle babyvogge er verna med patent, varemerke- og designregistrering for å sikre varige konkurransefordelar og gi tyngd i marknaden.
Grasp aukar verdien av oppfinninga gjennom rettar
Grasp er eit nytt produkt som skal gjere det enklare å behandle pasientar med fysiske eller psykiske utfordringar. I tillegg til produktuvikling og nødvendig medisinsk godkjenning, er bedrifta oppteken av å sikre produktet med patent, varemerke- og designregistrering.
Airthings verner namn og teknologi for å kunne konkurrere internasjonalt
Airthings har fleire gongar opplevt at nokon har kopiert deira produkt. Dei meiner det er vesentleg å ha ein IPR-strategi for å kunne drive langsiktig og i ein global marknad.
Think Outside verner innovasjonen for å sikre ein god posisjon i marknaden
Think Outside utvikler nye løysingar for analysar av snø og vatn. Gjennom å verne innovasjonen kan dei posisjonere seg i marknaden på ein betre måte.
Heymat: nordnorsk teppesuksess vinn marknaden med verna design
Bedrifta er svært opptatt av design og ønskjer at mattene deira skal ha eit skandinavisk uttrykk. Men design er lett å kopiere. Viss dei ikkje verner det, vil andre kunne lage tilnærma like produkt.
U-GO: verdas første hjelpebøyle er sikra med designregistrering
Marianne Hebnes blei inspirert av ein realityserie med Lars Monsen, og utvikla verdas fyrste hjelpebøyle som skal hjelpe blinde og funksjonsnedsette på tur. IPR er viktig for å sikre verdiane i selskapet.
TXGuardian: rettar gir godt grunnlag for lisensavtalar
«TXGuardian har internasjonale ambisjonar, og det er ein fordel å ha rettar som grunnlag for lisensavtalar med internasjonale samarbeidspartnarar og forhandlarar.»
Ocean Sun: patentrettar er viktige for å inngå lisensavtalar
Ocean Sun utviklar løysingar for flytande solenergi. Ved hjelp av patentrettar kan dei inngå lisensavtalar med samarbeidspartnarar som produserer produkta og sørgjer for å få dei ut i dei store marknadene.
Compax satsar internasjonalt og har eit bevisst forhold til kva dei vil verne
«If there’s a toilet, there’s a market.» Compax har utvikla ein avfallskomprimator til toalettrom, og ser salspotensial langt utanfor Noregs grenser. Då er det smart å ha eit medvite forhold til kva dei deler av informasjon, og kva dei vil verne med patent, varemerke- og designregistrering.
Bag'in: viktig å ha eit varemerke folk hugsar
«Du kjem aldri til å lykkast viss du ikkje tør å få hjelp av andre til å utvikle ideen din.» Gründer Kåre Normann Sekkesæter sine beste tips er å tore å snakke om ideen med andre. Han har blant anna fått gode råd frå Patentstyret om korleis han best kan verne produkta sine.
Jesperpus med eige varemerke
Det er ikkje berre pelsen som skal stellast og reviret som skal passast på. Når du heiter Jesperpus og har eige firma, må du også beskytte rettane dine. Ikkje berre mot nabokattane, men også mot langt større truslar langt utanfor pus sine territorium.
Technium: patent gir større sikkerheit for produkt som kan vere enkle å kopiere
«Patentvern gir større sikkerheit og føreseielegheit knytt til produkt som kan vere enkle å kopiere, og redusert risiko knytt til skalering av selskapet og investeringar i produksjonskapasitet.»
wheel.me: ein IP-strategi er viktig for å få investorar
wheel.me verner produkt og løysingar med både varemerke, designregistrering og patent. De vurderer kva marknader dei vil gå inn i, og sørgjer for rett vern der.
Zaptec har fleire patent som verner kjernen i deira løysingar
ZAPTEC Charger AS har med unike ladesystem for elbilar klart å bli marknadsleiar i burettslag, bustadsameiger og verksemder. Ladaren er patentverna, slik som dei fleste av ZAPTEC sine produkt.
No Isolation tek godt vare på varemerket sitt
«Enn så lenge har ikkje No Isolation opplevt kopiering av produkta eller misbruk av varemerka våre. Samtidig er dette ein kontinuerleg trussel vi tek på det største alvor.»
iDROP etablerte tidleg ein strategi for å verne navn, design og teknologi
«Nest etter menneskeleg kapital er vern av immaterielle rettar noko av det viktigaste vi har og skal vidareutvikle. Vi tenkjer langsiktig og internasjonalt, og etablerte tidlig ein IPR-strategi som omfattar både namn, design, separate patent og patentfamiliar.»
Attensi satsar globalt og har derfor verna varemerket internasjonalt
«Vi vil bli ein global aktør innanfor simuleringsbasert opplæring, og vel derfor å verne varemerket internasjonalt.»
Lubesnake: ein genial og enkel idé må beskyttast med varemerke og patent
Ideen bak LUBESNAKE® er genial, men likevel så enkel at gründer Tore Jenssen innsåg at han var heilt avhengig av å verne idé og produkt med dei immaterielle rettane som er tilgjengelege.
Komprimo har tatt patent for å gjere kopiering vanskelegare
«Produktet er enkelt bygd opp, så vi ønskjer å verne oss og dermed gjere kopieringsprosessen vanskelegare.»
Podbike vurderer heile tida kva dei bør patentere når dei utvikler sine produkt
«Vi vurderer heile tida om våre løysingar kan patenterast og gjer søk på gjeldande patenter. Heldigvis opererer vi i eit fagfelt med få aktørar og kor vi er bland dei framste på teknologiutviklinga.»
Granberg held konkurrentane på avstand med varemerke og designvern
Granberg AS har med innovative løysingar innanfor handvern klart å bli ein av dei leiande hanskeprodusentane i verda. For å halde konkurrentane på avstand blir produkta designverna og varemerkeregistrerte.
Robotic Drilling Systems: patent er viktig for samabeidspartnarar og finansiering
"Utan nokon form for juridisk vern stiller ein opphavsmann eller oppfinnar svakt når det gjeld verdien på oppfinninga."
Kongsberg Seatex tok i bruk nyheitsundersøking i ein tidleg fase
«Nyheitsundersøking frå Patentstyret er ein rask og effektiv måte for å få vurdert eigne idear opp mot eksisterande teknologi i ein tidleg fase av eit innovasjonsløp.»
Gründeren bak Dustbox har sikra det som er mogleg å sikre
Gründeren Tom Rune Stepien i Kongsberg har på eitt år fått patent, registrert varemerke og design og sett oppfinninga i produksjon. På vegen har det vore mykje grubling om natta og ballkasting med gode rådgivarar om dagen.
Stingray tar viktige grep for å hindre at nokon røper eller stel ideane deira
Det enklaste er ofte det vakraste og mest effektive. Gründerane bak Stingray har allereie skapt havbruksteknologi i verdsklasse med eit enkelt og breispektra patent.
Ægir Bryggeri verner namn og design for å hindre konfliktar
Ægir Bryggeri blei starta i 2007 og er i dag eit av Noregs fremste handverksbryggeri. Eigarane har valt å beskytte namn og design på produkta for å hindre tidkrevjande konflikter, slik at dei kan fokusere på ølbrygging i staden.
For Seram Coatings er patent kritisk for å stå sterkare ved ein eventuell kopiering
«For oss er det spesielt kritisk å ha patentvern for å stå sterkare dersom nokon skulle klare å kopiere produktet vårt.»
Smartfish får større forhandlingsstyrke ved å patentere teknologien
«Vi opplever som eit lite selskap å ha ein langt større forhandlingsstyrke gjennom ein patentert teknologi. Det gir eit langt sikrare grunnlag for å kunne satse på produkta våre og dermed òg utvikle verksemda vidare.»
Dynatec har patentert både nasjonalt og internasjonalt
«Å søkje patent på norsk gjer oss mindre tilgjengelege for internasjonale konkurrentar i ein tidleg fase.»
Rom & Tonik registrerte design og varemerke før dei satsa internasjonalt
Grov ull, fin design: Dei satsa på å registrere design og varemerke framfor patent. Det gjer Rom & Tonik® godt rusta når dei no skal erobre verdsmarknaden med akustikkplater basert på grov ull.
Gründerane bak Gas Secure seier at patent har vore avgjerande for suksess
Eit smart patentløp gjennom 12 år la grunnlaget for at gründerane av den vesle teknologibedrifta GasSecure til slutt kunne innkassere ein halv milliard kroner.
Fimbulvetr sikrar rettane for å verne innovasjonen
«Sikring av rettar er eit nødvendig verktøy for å beskytte innovasjonen og fortelje verda at dette er ein heilt ny måte å produsere truger på.»
Ei sterk IPR-portefølje avgjerande for at Prox Dynamic fekk internasjonale eigarar
Teknologifirmaet Prox Dynamics har utvikla verdas minste drone – eit superavansert spionhelikopter på 18 gram. For å halde konkurrentane på avstand er dronen verna med meir enn 15 patent, fleire varemerke og ei designregistrering.
The Thief: lurt å bruke juridiske rådgivarar tidleg i innovasjonsprosessen
Bedrifter og produktutviklarar involverer ofte kundane når dei utviklar nye og eksisterande produkt og tenester. Det set nye krav til korleis dei vernar om merkevarene sine. Det fekk Choice Hotels erfare med namnevalet The Thief.
Vestre designvernar alle nye produkt for å sikre dei mot etterlikningar
Vestre er ein innovativ møbelprodusent med stor respekt for rettane til designarane sine. Ingen skal få lov til å snylte på arbeidet til andre. Den mest effektive måten vi kan hindre ulovlege etterlikningar på, er å design- og varemerkeregistrere alle produkt.