Bokser med Ægir-øl
Foto: Ægir Bryggeripub

Ægir Bryggeri verner namn og design for å hindre konfliktar

Ægir Bryggeri blei starta i 2007 og er i dag eit av Noregs fremste handverksbryggeri. Eigarane har valt å beskytte namn og design på produkta for å hindre tidkrevjande konflikter, slik at dei kan fokusere på ølbrygging i staden.

Ægir Bryggeri blei starta i 2007 og er i dag eit av Noregs fremste handverksbryggeri. Eit nøkkelord i filosofien til Ægir er mangfald, fordi dei meiner at folk fortener eit val også når det gjeld øl - særleg i kombinasjon med god mat.

Ægir fortset med utvikling av spanande og smaksrikt kvalitetsøl, no tappa på miljøvenlege boksar som bevarer ølet sin kvalitet betre enn glassflasker.

Eigarane av bryggeriet har registrert namnemerket Ægir samt ein god del produktnamn. I tillegg har dei designregistrert ulike ornament.

Ægir Bryggeri blei kontakta av ein fullmektig som gjorde dei merksame på kor viktig det er å verne varemerke og design. Sidan har bryggeriet brukt dei til å handsame søknadene over heile verda, med stort hell.

Les meir om varemerkeregistrering

Les meir om designregistrering

Les meir om Ægir Bryggeri

Les fleire historier om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: