Bilde av matbord med spekemat og tilbehør.
Foto: Stian Broch

ASK Gård: Med gjennomtenkt design, eigen font og registrerte rettar som suksessfaktorar

Kristoffer og Anne Marte ønskjer å utvikle norsk spekemat til ei internasjonal merkevare. I tillegg til god kvalitet, legg dei stor vekt på det visuelle. Ein designregistrert font, medviten fargebruk og historia om den fyrrige chorizoen "PABLO" er nokre av ingrediensane i merkevarestrategien deira.

Ekteparet Kristoffer Evang og Anne Marte Ruud Evang starta Ask gard på Jevnaker i 2013. Dei ville utfordre kjøtbransjen og tilby eit økologisk alternativ basert på berekraft, dyrevelferd og kvalitet. Med norske råvarer lagar dei spekemat tufta på italiensk tradisjon.

Koronaen kravde ny salsstrategi

Opphavleg selde Ask produkta gjennom gourmetrestaurantar og delikatessebutikkar, ein strategi dei raskt måtte endre i mars 2020 då nedstenginga førte til at store deler av salet forsvann over natta. Løysinga blei å etablerte ein nettbutikk med gjennomførd design, freistande bilete og oppskrifter laga av kjende kokkar. Godt hjelpt av daglegvarekjeda Menys satsing på lokale matskattar, blei pandemiåret 2020 eit godt  vekstår for Ask Gård.

Registrerte rettar sikrar mot kopiering

Formspråk og fargebruk viktig i merkevarebygginga

«For ASK har design og emballasje alltid vore viktig. Vi er begge utdanna innanfor kunst og grafisk design, og hadde dette som profesjon før pølseeventyret tok form. Vi har jobba hardt med merkevarebygging og posisjonering, og via formspråk og fargar har vi klart å skilje oss ut og etablere eit gjenkjennbart uttrykk», seier dagleg leier Kristoffer Evang.

«Dette blei i utgangspunktet gjort for at forbrukaren raskt skulle kjenne igjen produktet. Vi vekta emballasjen ut frå tre element: brand, altså ASK, farge og namn/produkt. Målet var at kundane skulle hugse merkenamnet ASK sjølv om dei ikkje hugsa kva pølse dei kjøpte sist. Om dei hugsa ASK og skulle finne type pølse, meinte vi det var lettare å hugse ein farge enn eit merkenamn som ikkje var kjent. Dermed hamna vi på ASK pølse med raud farge».

Ektepara Ekvang ville etablere produktnamn som skulle skilje seg ut og fortelje litt om kven dei er som bedrift. Dei bygde eit narrativ for kvart produktnamn, slik at dei enkelt kunne lage ei historie rundt produktet. For eksempel «PABLO» chorizo «Pablo er ein fyrrig spanjol, ein lettare lubben type som liker å nyte ein kald ein i sola. Han har ein bror som heiter Pedro. Pedro er ein sint type med mykje aggresjon. Vi tenkte at oppfølgjarpølsa kunne heite «PEDRO» og vere ei sterk utgåve av «PABLO». Gjennom å lage små forteljingar og meiningar bak namna, hadde vi meir å spele på i reklamefilmar og marknadsføring», seier Evang.

Med på laget har dei hatt ein designar som har stått for heile ASK-profilen - Sindre Trolsås. Han har utvikla fonten og bygt opp det grafiske formspråket rundt ASK.

Fonten blir brukt på alt frå emballasje, brosjyre, pølser, katalogar og også på det nye produksjonsbygget.

«Vi meiner det er på tide å kome med noko nytt i kjøtbransjen. Kjøt har svart som fargen sin, noko vi ønskt å utfordre. Både for å skilje oss ut frå den etablerte marknaden, men også på grunn av miljøaspektet. Svart plast er verstingen, og tilsetningsstoffet Carbon Black er forboden i fleire land. Samtidig blir svart resirkulert plast som restavfall fordi sorteringsmaskinene ikkje klarer skilje mellom svarte søppelsekker og svart emballasje», avsluttar gründeren.

Blir nærmare kjend med ASK gard i denne korte filmen

Les meir på Ask gard sine nettsider

Lær meir om varemerkeregistrering

Lær meir om designregistrering

Bli inspirert av andre verksemder

Bilde av 3 salamipakker: Passe, Jåla og Slegge

Foto: Sindre Trolsås

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: