Mann bruker iPad med simuleringsbasert opplæring
Foto: Attensi

Attensi satsar globalt og har derfor verna varemerket internasjonalt

«Vi vil bli ein global aktør innanfor simuleringsbasert opplæring, og vel derfor å verne varemerket internasjonalt.»

Attensi er ein leiande leverandør av simuleringsbaserte treningsprogram. Dei utvikler Attensi Technology Platform som nyttast både av kundar og partnarar for å skreddersy eigne spel og simuleringar som nyttast i opplæringsformål.  Dei har levert over 500 simuleringar til norsk og internasjonalt næringsliv dei siste 8 åra.

Dei har varemerkeregistrert namnet Attensi i Noreg, EU og er i prosess i USA. Dei har ikkje designregistrering enno, men vurderer det fortløpande.

Ekstern bistand

Inntil for 5 år sia var hemmeleghald den viktigaste forma for vern for verksemda. Etter kvart som dei fikk meir merksemd i media og frå kundar og konkurrentar både nasjonalt og internasjonalt, såg dei likevel behov for å knytte til seg fagleg ekspertise som kunne rettleie dem i viktige avgjerder. Dei innleidde derfor samarbeid med Leogriff og Selmer advokatkontor. Dei bidreg med hjelp til høvesvis IP-strategi og generelle juridiske spørsmål. Dette samarbeidet gjer at Attensi tar gode avgjerder og føler seg godt tatt vare på på desse områda.

Offentleg støtte

I dei første pra etter etableringa fikk dei god støtte frå verkemiddelapparatet, særleg frå Innovasjon Noreg og etter kvart også Noregs forskningsråd. Dei har hatt Innovasjonskontrakter med Innovasjon Noreg og deltek i fleire prosjekt og program med Forskningsrådet, både Brukerstyrt forskningsarena, BIA og Fyrtårnprosjekt (store tverrfaglege forsknings- og innovasjonsprosjekt som skal bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar).

«Dette er svært viktige prosjekt for oss og bidreg til viktig forsking og utvikling av ny teknologi som vi ikkje hadde hatt finansiering til å utvikle på eiga hand. Det er særleg innan nye fagfelt som virtual reality, sensorstyring, talegjenkjenning etc. at desse verkemidla har vore kritiske for oss», seier Anne Lise Wahl.

Les meir om Attensi

Les meir om varemerkeregistrering

Les meir om korleis andre verksemder tek vare på verdiana

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: