
Bag'in: viktig å ha eit varemerke folk hugsar
Det heile starta påska 2016, då han skulle opne hytta på Hvaler etter vinteren. Saman med svigermora si såg Kåre på utemøblane han hadde pakka inn i presenning seks månadar tidlegare. Presenningen var blåsen bort, og berre nokre taustumpar hang igjen rundt møbla.
«Vi meinte vi hadde pakka dette godt inn på hausten, men likevel heldt det ikkje. Eg tenkte at det måtte vel finnast ei betre løysing enn dette. Utan å finne noko i marknaden, kom eg på ideen om å lage noko sjølv som kunne ta vare på utemøbla gjennom ein heil vinter utan at det bles i stykker», fortel Kåre.
Saman med svigermor la han ein plan. Kåre kjøpte inn materiale og svigermor sydde så den første prototypen på oppbevaringsbag for utemøblar. Etter kvart testa dei prototypen på eigne og naboar sine utemøblar, og reaksjonen frå naboane var veldig positiv.
Er dette eit problem for kunden?
«Når folk seier 'ein sånn treng eg også', då veit du at ideen din har eit godt potensial!»
Kåre banka på over 100 dører rundt i nabolaget, til kjende og ukjende, for å spørje om han kunne pakke inn utemøbla deira. På den måten fekk han innsikt i både kva typer utemøblar folk har, og ikkje minst om dette var eit produkt folk trengte sjølv og ville betale pengar for.
«Av dei 120 personane eg snakka med, så var over 70 % av dei villige til å kjøpe ein bag så fort eg fekk den i produksjon, utan at dei eingong visste prisen eller korleis den ville sjå ut til slutt. Eg skjønte då at eg hadde eit produkt med eit veldig stor potensial.»
Kåre etablerte eit selskap, og deretter starta han ei lang reise på over to år med testing og feiling av ulike material, design og utvikling.
Eit godt team
Kåre visste av erfaring at dei beste selskapa besto av team som komplementerte kvarandre i erfaring og kompetanse, og i 2017 fekk han med seg Krister A. Pedersen. Krister jobba då som CFO i XXL, og hadde den bakgrunnen selskapet ville trenge innan strategi, kommersialisering og internasjonalisering i tillegg til sterk kompetanse på økonomi.
På lista hadde Kåre også ein bekjent som var god på design, marknadsføring og digitale flater, Øyvind Solgård-Jensen. «Det han ikkje kan om digital marknadsføring, reklame og nettsider treng ein ikkje å vite,» smiler gründaren.
Både Krister og Øyvind kjøpte seg etter kvart inn i selskapet, og begynte aktivt å jobbe med produktet saman med Kåre.
Teamet har no det dei treng for å vekse, for å utvide produktspekteret og for å gå internasjonalt. Det dei ikkje har av kompetanse internt, kjøper dei inn.
Etter to år kom Bag'in ut på marknaden – eit produkt som løyser eit problem som veldig mange har, og som folk er villige til å betale for.
«Det har vore ei tøff reise både økonomisk og personlig, men det har vore j... gøy også.»
Korleis gjekk det?
I 2018 blei Bag’in utseld for bagar på to månader, og hadde ein omsetning på 3 millionar kroner. I 2020 selde dei for 17,6 millionar, og var utselde i delar av sesongen. I 2021 satsar dei på å omsetje for 47,2 millionar i Norden og EU. Gründeren har stor tru på vidare vokster, og omsetningsmålet i 2025 er 400 – 500 millionar kroner. Teamet jobbar no med å hente inn kapital både frå bank og investorar for å produsere meir i år, og eventuelt auke produksjonen. Kapitalen vil også gå til å byggje merkevara internasjonalt og styrkje selskapet med fleire tilsette.
Gode hjelparar på vegen
Kåre fekk tidleg i prosessen tips om å ta kontakt med Patentstyret og rettleiar Kenneth Bech. Han tok kontakt for å få tips om kva han burde gjere for å sikre seg.
«I Patentstyret fekk eg hjelp til å sjå på moglegheiter for både design-, varemerke- og patentvern, og fekk gode råd om å ta med seg då han skulle snakke med ein fullmektig om vern i utlandet. Dette har vore ei uvurderleg hjelp.Vi hadde ikkje kome dit vi er i dag viss vi ikkje hadde fått hjelp av Patentstyret.»
I starten fekk Kåre hjelp av Norges Vel og Marius Sandvik til å få på plass ei ordning som heiter dagpengar under etablering som NAV har. Då kan ein få ei enkel løn i eitt år for å jobbe med ideen eller prosjektet. Her fekk Kåre også god hjelp av Kenneth i Patentstyret.
Har tatt produksjonen til Kina
Bag’in har no meir enn 20 ulike modellar på teiknebrettet, som alle løyser ulike problem. «Vi byggjer grunnmuren no, og då er det mykje lettare å kome med nye modellar seinare.»
Produksjonen skjer i Kina. Dei brukar ein samarbeidspartnar som har jobba med Kina i 20 år, og dermed veit kva som er viktig for å få eit kjempebra produkt.
Sekkesætar er svært medviten på at det er viktig å ha eit godt vern i det landet kor produkta skal seljast, men også der varene blir produserte. «Når du legg produksjonen til utlandet er det ekstra viktig å verne produktet, slik at du får produsert, eksportert og selde varene i dei landa du ønskjer», seier gründeren.
Viktig å byggje opp eit godt varemerke
Kåre er opptatt av å verne produkta gjennom eit sterkt varemerke.
No har Bag'in bygd ei plattform med over 20 modellar.
«Vi har starta med oppbevaring av utemøblar fordi det er ein kjempemarknad. Så kjem vi med ein eigen trampolinebag no. Det blir spanande. Ein bag som du kan pakke ned alle trampolinedelane i, og som passar til alle trampoliner. Enkelt og genialt, for den løyser eit stort problem for dei som ikkje veit kor trampolidedelane skal lagrast eller kor dei faktisk ligg.»
Bag'in jobbar systematisk for å byggje opp varemerket, slik at folk skal vite at det er dei som har originalen, mens andre som kjem på marknaden med liknande produkt, berre har kopiar.
Gründaren er veldig opptatt av at produkta skal ha ein verdi for kunden – løyser dette eit problem for kunden, og er han villig til å betale for det?
«Alt vi gjer i Bag'in er basert på filosofien: Har det verdi for kunden, har det verdi for oss.»
Kåre sine viktigaste gründartips: Snakk med andre
Gründar Kåre Normann Sekkesæter har spesielt eitt råd å kome med til andre gründarar som lurer på om dei skal setje ideen sin ut i livet: Ikkje ver redd for å fortelle om ideen til andre.
- Del med andre, men snakk med folk du stoler på. Du kjem aldri til å lykkast viss du ikkje tør å få hjelp av andre til å utvikle ideen din.
- Få innspill frå vener og kjenningar, og gode hjelparar som Patentstyret. Dei som jobbar i Patentstyret har teigeplikt, så dei kan ikkje fortelle noko vidare
- Tør å fortelle og tør å bli utfordra. Ikkje ta det personleg om nokon kritiserer det du gjer. Spør heller kva som ikkje fungerer. Ver nysgjerrig.
- Sørg for å få med deg fleire på laget som du kanskje kan byggje selskapet saman med. Utfyllande kompetanse er veldig viktig.
Les meir om varemerkeregistrering
Vil du snakke med ein rettleiar i Patentstyret?