
Beckmann: varemerkevern er viktig for å hindre kopiering
Fimaet har sidan oppstarten hatt fokus på å lage ergonomisk gode sekker til barn. I motsetning til dei fleste konkurrentane i bransjen, har dei sekkene som hovudprodukt.
Dei designar og utviklar alle produkta i Noreg, mens produksjonen skjer i Kina. 60 % av omsetninga er eksport, og dei sel til over 20 land.
Sommaren 2021 blei dei kjøpte opp av eit børsnotert kinesisk selskap som driv innanfor skrivesaker og tilbehøyr. Rettar var viktig i samband med due diligence og oppkjøp. Bakgrunnen for oppkjøpet er eit ønske om å vekse i Kina.
Dei har registrert namnet og logoen som varemerke, og designregistrerer nye produkt. Produkt som blei utvikla tidlegare er ikkje designregistrerte, noko dei angrar i dag. Det ville gjort det enklare å forsvare seg mot kopiering. Dei søkjer patent for unike funksjonar ved sekkene, sjølv om det meste av sekker er produsert med kjend teknologi. I Kina har dei verna spesifikke fargar og mønster med copyright.
Dei brukar to fullmektigbyrå i Noreg som hjelper dei med søknader og oppfølging av rettar, og eit eige byrå i Kina.
Dei har opplevt nokre klare kopitilfelle i Kina. I tillegg har dei hatt ein del saker med etterlikningar av design i vestlege land. Dei kontaktar alltid leverandørar som dei meiner etterliknar, og ber dei fjerne produkta frå marknaden. Dei har vunne ei etterlikningssak i Næringslivets konkurranseutval. I andre tilfelle har dei brukte marknadsføringslova for å få stoppa kopiprodukt.
Les meir om Beckmann på nettsidene deira