Dustbox_TomRuneStepien_FotoBlakstad_960.png
Foto: Svanhild Blakstad, Byggeindustrien

Dustbox

Gründeren Tom Rune Stepien i Kongsberg har på eitt år fått patent, registrert varemerke og design og sett oppfinninga i produksjon. På vegen har det vore mykje grubling om natta og ballkasting med gode rådgivarar om dagen.

Tekst: Claude R. Olsen

Tom Rune Stepien (33) er handverkar og borar mykje i veggar. For å hindre at rommet blir dekt av mur- eller gipsstøv, jobbar gjerne to personar saman: ein som borar og ein som held støvsugaren nær borestaden.

– Dette er eit problem vi har hatt i mange år, og som eg har grubla lenge på. 28. november vakna eg og skjønte korleis eg skulle løyse det! Då stod eg opp og byrja å teikne, seier Stepien. I prinsippet er løysinga ei bøtte på eit teleskopstativ med eit uttak til støvsugar under.

Kjapp marknadsundersøking

Han teikna ei skisse og kontakta ti ulike typar handverksbedrifter i Kongsberg-området. Alle syntest dette var ei smart løysing. Etter denne vesle marknadsundersøkinga, tok Stepien kontakt med den store verktøyleverandøren Würth og ba om eit møte. Det blei full klaff. I dag blir Dustbox støvagsug marknadsført av Würth.

 Eit stort, internasjonalt selskap kan lett køyre over ein liten gründer. Stepien passa derfor på å be Würth sende ein e-post før møtet med ei erklæring om at selskapet ikkje skulle kopiere løysinga eller kjøpe kopiar av andre.

– Würth har behandla meg bra, både personleg og forretningsmessig, seier Stepien.

Sikra alle rettar

Neste skritt var å kontakte Patentstyret for å finne ut om nokon allereie hadde tatt patent på løysinga til Stepien. Det var det ikkje.

– Då følte eg at ideen hadde patentmogelegheit, og eg ba om tilbod frå tre private patentkontor om hjelp til å skrive patentsøknad. Eg valde tilbydaren som hadde fastpris og ingen tilleggspris, seier Stepien. Patentsøknaden blei godkjent og patentet sikra. I tillegg har Stepien registrert varemerke og design.  - Eg har sikra det som er mogeleg å sikre. Eg skal ikkje la meg knekke av at nokon kopierer meg.

 Til no har sikringa av rettar kosta Stepien 80 000 kroner, mesteparten for patentet. No søkjer han òg om patent i andre land.

Gode hjelparar på vegen

Stepien har heile tida jobba hundre prosent som handverkar og brukt all fritid på å utvikle produktet og det nye selskapet Villa Teknikk AS. Det har blitt grubling om natta på om ei avgjerd var rett eller galen. Undervegs har både Innovasjon Noreg og Etablerarkontoret i Kongsberg-regionen vore verdifulle støttespelarar og rådgivarar for Stepien.

– Eg blei godt motteken av Innovasjon Noreg og fekk finansiell støtte frå dei. Og eg har fått fantastisk hjelp frå Etablerarkontoret i Kongsberg. Det anbefaler eg alle andre å bruke. Det er godt å ha nokon å prate med som er interessert i det du gjer, seier han.

– Dersom du skal lukkast som oppfinnar, må du ha trua på deg sjølv og ville bevise at ideen din er mogeleg å gjennomføre. Du må også tru på at dei fleste rundt deg vil deg godt. Du må tørre å dele med andre. Mange vil ikkje dele ideen sin med nokon. Då blir det nedtur, seier han.

I midten av januar 2016 var 50 støvsamlarar i bruk. Målet er mange tusen kvart år. Men det stoppar ikkje med Dustbox. Den kreative handverkaren har allereie to nye produkt under utvikling.

Les fleire historier om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: