
Gründerane bak Gas Secure seier at patent har vore avgjerande for suksess
I mars 2015 valde det tyske industrikonsernet Dräger å innlemme dei patentverna produkta til GasSecure i produktspekteret sitt.
Den suksessfulle oppfinninga er ein trådlaus gassdetektor. Gassdetektorar er «big business» fordi dei er heilt nødvendige for sikkerheita i fleire industriar verda over, ikkje minst innanfor olje- og gassektoren og i kjemisk industri. Fordelen med detektoren til GasSecure er at han er trådlaus. Detektorar som skal varsle om utslepp av metan (naturgass), er normalt ganske energikrevjande. Trådlause detektorar har derfor ikkje vore tilgjengelege i denne industrien til no, sjølv om etterspurnaden har vore der.
Avgjerande patent
Saman med administrerande direktør Knut Sandven etablerte han firmaet i 2008. Grunnlaget var eit patent på ei såkalla MEMS-brikke (mikroelektromekaniske system) som Sagberg arbeidde med som ein del av doktorgraden sin ved Universitetet i Oslo i perioden 2001–2005. Denne MEMS-brikka blei vidareutvikla i samarbeid med fleire SINTEF-forskarar. Patentet er i dag SINTEFs eigedom som dei lisensierer eksklusivt til GasSecure (no Dräger) for bruksområda deira. SINTEF kan òg lisensiere ut dei same rettane til andre industriselskap som opererer i andre marknadar.
Mens Sagberg jobba med å vidareutvikle denne brikka fram til 2008, fekk gründerane ideen om å bruke ho i ein av to sensorar i same gassdetektor. Denne ideen blei patentert, og dermed kunne utviklingsfirmaet GasSecure sjå dagens lys.
Nøye gjennomtenkt strategi
Sagberg fortel at patentporteføljen deira no omfattar i alt sju patentfamiliar. Ein slik «familie» er ei samling patent og søknader som stammar frå same opphavlege søknad. «Med erfaringa vår frå SINTEF var vi bevisste på at vi skulle ha ein nøye gjennomtenkt patentstrategi. Vi har stort sett involvert gode patentspesialistar tidleg i skildringa av patenta. Kva slags ting ein tar med i skildringa, er avgjerande for om ein klarar å oppretthalde eller endre ein søknad.»
Dei har brukt fleire patentrådgivarar som har hatt ulik spesialkompetanse og arbeidsmetodar. I Noreg har dei brukt Bryn Aarflot og Protector. I tillegg har dei brukt Dehns i London.
«Vi har gode erfaringar med desse, men så er produktet vårt òg såpass unikt at patenta ikkje har blitt sett på nokon alvorleg «prøve» med omsyn til konflikt med liknande teknologiar. Så eg føler ikkje at vi er i posisjon til å gi andre råd anna enn tidleg involvering. Ein må nesten berre prøve seg fram, og gjerne prøve fleire samstundes for å finne ut kven ein samarbeider best med.»
Omvend metode
Han understrekar at patentering ikkje er den einaste metoden for å verne immaterielle rettar. «Ein kan òg gjere det motsette, nemleg å publisere open informasjon for å hindre andre i å patentere. Samstundes kan ein halde hemmeleg nok informasjon til å hindre andre i å kopiere teknologien», seier han.
Eit patent varar typisk i 20 år. Då er det vanleg med utvikling i rundt ti år før ein har ti år til å utnytte patentet kommersielt. Det harmonerer bra med historikken til GasSecure, som fekk sitt første kommersielle sal i 2013.
«Det er likevel ikkje slik at konkurrentane kjem til å stå i kø med kopiar den dagen patentet blir frigitt. Dette er svært kompleks teknologi med mykje teknisk kunnskap som ikkje er patentert. Vi har òg patentert eller søkt om patent og seinare trekt patentsøknadane.»
Patentavgiftene er vanlegvis låge i byrjinga, og aukar på til å bli meir betydelege mot slutten av gyldigheitstida når selskapet forhåpentlegvis har byrja å tene gode pengar på det. «Det er eit smart system som gjer det mogeleg å patentere idear medan ein prøver dei ut i praksis. Om ideane blir forkasta, blir patenta trekte, og kostnadene ved prøving og feiling blir ikkje så store.»
Det er òg vanleg å starte med eit generelt patent, og så tilleggspatentere meir detaljerte kjerneteknologiar, og kanskje forkaste andre etter kvart som utviklinga går sin gang med prøving og feiling.
SINTEF MiNaLab produserer kjernekomponenten, den optiske MEMS-brikka. Dei har òg lagt ned betydelege ressursar i å utvikle, optimalisere og patentere produksjonsprosessen. GasSecure har eksklusive rettar til alle patent knytte til produksjon av brikka, på same måte som for det eldste patentet. Likevel har MiNaLab ein god del relevant produksjonskunnskap som ikkje er patentert eller publisert, og som gjer dei til ein attraktiv produksjonspartnar for Dräger.
Fridom til å operere
«Patentarbeidet hindrar ikkje berre konkurrentar i å kopiere ideane våre. Det er like viktig for oss å sikre oss at vi ikkje kjem i konflikt med andre patent, noko som gir oss problem eller store kostnader seinare.»
Spesielt det siste var eit svært viktig poeng då Dräger kom på banen. Når dei brukar så mykje pengar på å kjøpe opp ei gruppe patent, som dei i realiteten gjer når dei kjøper firmaet, må dei ha sikkerheit for at dei har «freedom to operate». Det vil seie at patenta som detektoren baserer seg på, ikkje kjem i konflikt med andre patent.
– Freedom to operate er antakeleg like viktig for Dräger som at patentet er verna i dei marknadane det skal brukast i, seier Sagberg.
Utviklinga av teknologien og selskapet har vore finansiert av eksterne investorar, Statoil, ConocoPhillips og dei tilsette, med solid støtte frå Forskingsrådet og Innovasjon Noreg. GasSecure og alle dei tilsette kjem til å fortsette som ei norsk grein av Dräger som framleis har ansvar for å utvikle nye, innovative løysingar for gassdeteksjon.
Om produktet og patenta
Gassdetektoren GS01 rettar seg mot industrielle marknadar, spesielt olje- og gassektoren. Her blir gassdetektorar rekna som heilt nødvendig utstyr av sikkerheitsomsyn. Styrken til GS01 er hovudsakleg at han er trådlaus og svært energieffektiv, samstundes som han er minst like påliteleg som trådbaserte detektorar. Dermed krev han sjeldan tilsyn, vedlikehald og batteriskift. Det finst andre trådlause løysingar, men ingen som er nær like energieffektive. Batteriet skal i normale tilfelle halde til drift i to år. At han er trådlaus, betyr at installasjonskostnadene er reduserte til ein brøkdel av kva trådbaserte varslingssystem krev.
Produktet baserer seg på ei rekkje patent innan sju patentfamiliar. Tre patent blir rekna som «hovudpatent»:
1. Det første er sjølve detektordesignen, «Dual Sensor Principle», med to typar sensorar i ein detektor. Den eine er ein svært energieffektiv ultralydsensor. Han måler kontinuerleg endringar i luftstraumen, som kan bety at ein gass du ikkje ønskjer, er i lufta. Om det skjer, blir ein optisk sensor basert på infraraudt lys aktivisert. Den siste er meir energikrevjande, men framleis svært energieffektiv. Alle gasstypar har ein spesifikk optisk «signatur». Om denne signaturen tilseier at det er metan (naturgass) i lufta, går alarmen. Om ikkje går den optiske sensoren igjen i dvale, og operatørselskapet har spart tid og kostnader ved ein falsk alarm.
2. Det andre patentet, «Configurable Defractive Optical Element», er ei såkalla MEMS-brikke (mikroelektromekaniske system), som mottar det reflekterte lyssignalet som den optiske sensoren sender ut. Denne brikka kan, ved hjelp av eit sinnrikt system med bevegelege mikrodelar, analysere signalet og med stor nøyaktigheit avgjere om alarmen skal utløysast.
3. Det tredje hovudpatentet er knytt til den trådlause kommunikasjonen, og er ein metode for å overføre måleinformasjon til kontrollsystemet. Metoden er sikker, rask og energieffektiv, og like påliteleg som for trådbaserte løysingar. Detektorane er kopla saman i eit finmaska nett, eit såkalla «mesh-nettverk». Det vil seie at kvar detektor kan ta imot og sende vidare radiosignal frå andre detektorar.
Gassdetektoren er patentert i ei rekkje land over heile verda.