
Granberg held konkurrentane på avstand med varemerke og designvern
Granberg AS er ein leiande merkevareprodusent av hanskar til industri, næringsmiddel og helse med produksjon i fleire land – med eit verdsomspennande marknadsfokus. Firmaet blei etablert i 1961, og feirer 60 år i 2021. Hovudkontoret er på Bjoa i nærleiken av Haugesund. Konsernomsetninga til bedrifta ligg på over 500 MNOK.
«Vi utviklar produkta våre kontinuerleg for å vere best mogeleg tilpassa etterspurnaden i marknaden og dei krava kundane våre stiller», seier administrerande direktør Ole M. Granberg.
Bak produkta våre ligg det ein betydeleg innsats når det gjeld både tid og ressursar. Produktutviklingsteamet til Granberg legg stor vekt på å skape intelligente design kombinert med optimal ergonomi.
Designvernet sikrar dei mot at konkurrentane deira lagar noko som liknar på produkta deira. Varemerkeregistreringa vernar namnet og omgrepsapparatet dei brukar om produkta.
«Vi har i stor grad gjort søknadsprosessen sjølv. I første omgang er det eit kostnadsspørsmål. Vidare er det ikkje noko hokus pokus å søkje sjølv. Det ligg gode rettleiingar på internett», sier Granberg.