
iDROP etablerte tidleg ein strategi for å verne namn, design og teknologi
Forretningsideen til firmaet iDROP er å gjere det enklare og rimelegare å installere store nettverk av sensorar på sjøbunnen ved hjelp av ny og banebrytande teknologi.
Sjøvstyrande sensorar glir effektivt ned til ein førehandsdefinert lokasjon på sjøbotnen ved hjelp av gravitasjon og endring av ballasten. Deretter installerer dei ein sensorpakke på eller i sjøbotnen. Dette systemet vil dramatisk redusere både tid og ressursar som krevjast for å installere sensorar nøyaktig på stor havdjup. I tillegg til seismikkbransjen er det eit utall alternative bruksområde og marknader for dette produktet, både no og i framtida.
Sensorande kallast Oceanid, inspirert av gamal gresk mytologi. Titanane Oceanus og Tethys hadde tre tusen nymfedøtrer, med kvar sine sjølvstendige ansvarsområde for sjøar, elvar og havet. Både firmanamnet og logoen iDROP er varemerkeregistrert, i tillegg til produktnamnet Oceanid.
Teknologien og kommersielle rettar er samla i nyetableringa iDROP a/s (etablert i 2016). Dette selskapet byggjer vidare på kunskap og erfaring som gründerteamet over fleire tiår har opparbeidd seg innanfor undervatnsteknologi generelt og seismikk spesielt.
«Oceanid føyer seg inn i rekkja av nyvinningar etablert av teamet rundt iDROP. Både tidlegare og fast tilsette har vore involvert i utviklinga, og det har skjedd gjennom oppdragsbasert utvikling og sporadisk internt arbeid. Vi trur produktet løyser eit generisk problem i mange marknader og på vers av landegrensene. Derfor har det vore viktig for patentteamet vårt å verne grunnideen, og også den omkringliggjande teknologien og ditto nyvinningar, til dømes offshore-handtering og lagring om bord.»
«Vi har i ei årrekkje samarbeidd tett med kollegene våre hos patentkontoret Apace IP AS i Oslo. Med sin lange erfaring og formelle IPR-kompetanse, og ikkje minst også industriell erfaring og tilnærming, sikrar og forvalter dei våre verdiar.»
Kyrre J. Tjøm, styreformann
