Nytt_toppbilde_Jesper_beskjært

Jesperpus med eige varemerke

Det er ikkje berre pelsen som skal stellast og reviret som skal passast på. Når du heiter Jesperpus og har eige firma, må du også beskytte rettane dine. Ikkje berre mot nabokattane, men også mot langt større truslar langt utanfor pus sine territorium.

Kattane Jesperpus og Kasper er hovudpersonane i verksemda Jesperpus. Dei bor i Hedmark saman med matmor Aina Stormo, som har ansvar for den daglege drifta.

Det starta med at Aina la ut ein skivideo med Jesperpus på sosiale medier. Den gjekk viralt og førte til stort engasjement i fleire kanalar. Frå starten med små daglege oppdateringar frå dagleglivet til Jesperpus, vart interessa etter kvart så stor at det vart nødvendig å etablere eige firma, Jesperpus AS, for å ta vare på verdiane. Kattar er ein av dei mest brukte søkjeorda på nettet, og Jesperpus og Kasper har blitt dei mest populære kjæledyra. Det gjeld ikkje berre i Noreg, men i store deler av verda.

Jesperpus og Kasper har no over 100 000 følgjarar frå heile verda i profilar på Facebook, Instagram, Youtube, Twitter, Snapchat og på både engelsk og norsk blogg. Der kan følgjarane vere med på kvardagen til dei to kattane, og dei formidlar god dyrevelferd og informasjon om kattehald. Dei har også sett opp ein eigen nettbutikk med produkt til kattar og katteeigarar. Der sel dei blant anna fleire eigenproduserte kalenderbøker, og dei satsar etter kvart meir på eigen produktutvikling. 

Time Magazine har kåra Jesperpus til eitt av verdas 100 mest framståande dyr. Han har vore med på innslag på tv og i radiokanalar rundt om i verda, blant anna med innslag frå fleire av skiturane deira. Høgdepunktet av dei er bestigninga av Galdhøpiggen, som den første katta i verda.

«Vi har opplevd at store utanlandske firma brukar namnet vårt for å trekkje til seg kundar i den norske marknaden», fortel Aina Stormo. «Spesielt har vi merka at Jesperpus er blitt misbrukt som søkjeord for å få treff i aktuelle søkjemotorar på nett. Utan vern er det nyttelaust å forsøke å hindre dette.»

– Vi har vi valt å registrere namnet Jesperpus for å verne oss mot kopiering og misbruk. Vi håper på den måten å ta betre vare på dei verdiane namnet har i marknaden, og som vi har skapt med stor innsats gjennom fleire år. Vi fikk hjelp av Tandberg Innovasjon til å registrere varemerket. Då kunne vi vere sikker på at at alt blei riktig, og at ikkje noko blei utelate i prosessen.

Katt på en trestamme

Aina Stormo

Gründer og dagleg leiar i Jesperpus AS

«Spesielt når vi no satsar meir på eigen produktutvikling, ser vi at dette er eit viktig element i verdiskapninga. Vi vil derfor i arbeidet vidare stadig vurdere behovet for meir vern, også av design.» 

Jesperpus har tidlegare gitt ut 3 bøker på Cappelen Damm Forlag, derav 2 barnebøker. Hausten 2021 kom det ut nok ei bok frå Jesperpus, då på eige forlag. «Jesperpus er vårt varemerke, og det riktig å gi ut bok under eige varemerke no.»  Boka fortel historia om Kasper som blei funnen i ei jordhule saman med sine søsken, og blei «redda» av ein dyrevernorganisasjon før han kom heim til Jesperpus. Boka fortel korleis han blei sosialisert med sin nye familie og viser mange av øyeblikka dei to kattane har saman med familien, både dei gøyale og dei meir alvorlege.

Les mer om Jesperpus & Kasper: 

 

Logo Jesperpus

 

Relaterte artikler