To avfallsbøtter

Komprimo har tatt patent for å gjere kopiering vanskelegare

«Produktet er enkelt bygd opp, så vi ønskjer å verne oss og dermed gjere kopieringsprosessen vanskelegare.»

Det norsk/italienske ekteparet Sissel Albertsen og Maurizio Luzia etablerte selskapet Komprimo AS i 2014. Begge er utdanna samfunnsgeografar, men med ulike kvalifikasjonar som saman utgjer eit godt team.

Dei er opptatte av berekraftig samfunnsutvikling og ønskjer å skape varige verdiar og setje tydelege spor. Gjennom ulike utfordringar med avfall, fikk dei den fantastiske ideen om ein enkel avfallskomprimator. Og dermed såg avfallsbøtta Frank dagens lys. Komprimo skal introdusere nordmenn for avfallskomprimering og bidra til å gjere det til ein del av kvardagen for folk flest. Dei vil gjere avfallshåndtering smartare, enklare og meir miljøvenleg.

Frank komprimerer avfallet inntil 70 % og inneheld 3 gonger meir enn ei vanleg avfallsbøtte. Den er produsert i eit materiale som kan resirkulerast. Dermed bidreg den til å spare tid, plass, pengar og skaper eit betre miljø.

Frank er eit verna varemerke i Noreg. Komprimeringssystemet er patentert i Noreg, og dei har søkt om europeisk patent. 

Sissel og Maurizio gjorde sjølv eit søk i Patentstyret sine databasar for å sjekke om dei fann eit tilsvarande produkt. For ¨å vere på den sikre sida, kontakta dei ein fullmektig for å gå vidare med ein freedom to operate-analyse for å sjå at ingen andre har rettar til tilsvarande teknologi- Fullmektigen tok seg også av prosessen med varemerkeregistrering og patentsøknad.

Komprimo har fått midlar frå regionalt næringsfond, frå lokale renovasjonsselskap i Midt-Noreg samt 3 ulike tilskot og vekstgarantiordninga gjennom Innovasjon Noreg. Dei har også fått inn ein ekstern revisor.

Les meir om Komprimo

Les meir om varemerkeregistrering

Les meir om patentering

Les meir om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: