Hånd med sensor
Foto: Lifecare

Lifecares sensor gjer det enklare for diabetespasientar

Lifecare utviklar biosensorar som overvakar blodsukkeret - glukosenivået - hos menneske med diabetes. Ved å patentere teknologien underbyggjer dei innovasjonskompetansen, får ein fordel framfor konkurrentane og kan lettare vidareutvikle teknologien.

Sensorane blir implanterte i underhuda og måler variasjonar i førekomsten av definerte molekyl baserte på endringar i osmotisk trykk. Deira sensor «Sencell» er svært liten og har lang levetid. Den er i tillegg billigare enn konkurrerande løysingar. Sensoren kan også måle endringar i nær sagt alle molekyl som finst i kroppen, og Lifecare planlegg å utvide bruksområdet ut over berre å måle glukosenivået.

Patentering har vore viktig heile vegen

Idéen om å måle endringar i glukosenivået ved hjelp av endringar i osmotisk trykk fekk først ingeniør Olav Ellingsen på 1980-talet. Ellingsen etblerte prosjektet «Lifecare» i 1986 for å utvikle ein kunstig bukspyttkjertel. Undervegs i denne reisa hadde både Ellingsen og firmaet fokus på å patentere oppfinningane.

Det opphavlege firmaet eksisterer ikkje lenger i same form, og Lifecare AS blei etablert i 2006. Som del av etableringa fekk selskapet overført patent etablerte av Ellingsen. Lifecare har investert rundt 120 millionar på å vidareutvikle idéen om å måle glukose ved hjelp av osmotiske trykksensorar, og det har vore heilt sentralt å sørgje for vern av idé, teknologi og framtidige produkt.

System for kontinuerleg glukosemåling («CGM») hadde per 2019 ei estimert global omsetning på rundt 4,6 milliardar USD og den vil truleg auke til meir enn 30 milliardar USD i 2026. — I dette landskapet er det klart at vi må vere tryggje på at innovasjonen vår og produkta våre har godt rettsvern, seier CEO Joacim Holter i Lifecare.

Firmaet sin strategi for immaterielle rettar er å oppretthalde og vidareutvikle gjeldande IPR. Det inneber både å utvide porteføljen ved å etablere nye patent og å utvide det geografiske verneområdet. Når dei inngår forskingssamarbeid, er dei medvitne på å verne både gjeldande IP og IP som kan oppstå gjennom slike samarbeid.

Lifecare har ikkje opplevt direkte kopiering av teknologien sin, men dei har erfart at det har blitt publisert vitskaplege funn basert på sensorteknologi i strid med patenta deira.

Lifecare handterer både nye mogelege patent og gjeldande portefølje ved hjelp av patentkontoret Zacco Norway. Verksemda har sjølve interne ressursar som er fullt ut kompetente og kapable til å handtere patentprosessar, men det gir ein viktig tryggleik å nytte den spesialiserte kompetansen eit patentkontor gjev.

IPR er positivt for å få offentlege stønad

Firmaet har motteke stønad frå Forskingsrådet, Skattefunnordninga og EU-kommisjonen sitt FOU-program Horizon2020. Holter meiner at deira IPR har vore viktig i samband med desse løyvingane ved at den underbyggjer selskapet sin innovasjonskompetanse og utviklingspotensialet for teknologien.

Råd til andre verksemder i oppstartsfasen

Holter har nokre råd til andre som startar opp verksemd: — Ha fokus på den grunnleggjande IP-en og vurder nøye kor eit eventuelt patent blir vidareført etter nasjonal fase. Engasjer eit patentkontor; det betyr utgifter som heilt sikkert kan kome godt med ein annan stad, men det kan vise seg veldig nyttig i prosessen.

— Det er som regel for kostbart å registrere patent globalt i oppstartfasen, men det er viktig å ha eit medvite forhold til, og å sørgje for, godt vern i relevante delar av verda. Det er ulike vurderingar som fastset kor dette er, men dersom det er mogeleg, vil eg tilrå å heller søkje i eitt land for mykje, og eventuelt fråfalle patent seinare. Investorar og partnarar er generelt opptekne av at konsept bør vere patenterte, og det kan vise seg viktig når ein eventuell investeringsrunde blir nødvendig for verksemda.

Oppbygging av sensoren. Illustrasjon: Lifecare AS

 

Les meir om Lifecare på nettsidene deira

Les meir om patentering

Les om korleis andre verksemder tek vare på verdiane

Les om offentlege stønadsordningar på Altinn sine sider

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: