Produkt for smøring av svingskiver til semitrailer
Foto: Lubesnake AS

Lubesnake: ein genial og enkel idé må beskyttast med varemerke og patent

Ideen bak LUBESNAKE® er genial, men likevel så enkel at gründer Tore Jenssen innsåg at han var heilt avhengig av å verne idé og produkt med dei immaterielle rettane som er tilgjengelege.

LUBESNAKE® er eit nytt produkt for smøring av svingskive på semitrailarar. Svingskiva er den koplinga som held trekkvogn og semitrailer saman. (Sjå patentteikning lenger ned i artikkelen).

Om prosessen frå idé til patent

Tore Jenssen oppdaga at transportbransjen hadde eit problem:

Svingskiva bør smørast ukentleg for trailarar som er i dagleg drift. Manglande smørjing av svingskiva fører til stor slitasje på svingskiva, og kan i verste fall føre til at glideflatene låser seg og køyretøyet blir ustabiltå køyre. Men å smøre svingskiva er ein grisete og tidkrevjande oppgåve som sjåførane må gjere sjølv, og i ein stressa kvardag kan den oppgåva bli prioritert vekk. Gründeren starta med å stille seg følgjande spørsmål:

Kor mykje tid brukar profesjonelle sjåførar på smøring av svingskive med dagens løysing? Kor mykje kan transportselskapet spare på å korte ned tida semitraileren ikkje er i bevegelse? Kva er eit minutt verdt i kroner og øre?

Jenssen meinte det måtte finnast enklare måter å gjere dette på. Heime i garasjen i Steinkjer kom ideen om å pakke feittet i ei pølseform som kan leggjast på svingskiva utan at ein treng å vere redd for å skitne seg til etter kvart.

Gründeren testa og prøveproduserte ei tid for å finne det optimale produktet og riktig produksjonsmetode. Han tok etter kvart kontakt med Innovasjon Noreg for å få deira meining og oppfatning av om dette var noko som kunne patenterast og skapast eit levedyktig produkt av.

Med Innovasjon Noregs positive tilbakemelding samt deira etableringsstønad, kunne Jenssen kontakte Onsagers Patentbyrå for å utforme ein patentsøknad saman med ein av deira patentingeniørar. 

Teikningar til Lubesnake-patentet (nr. 341419)

Immaterielle rettar gjer små aktørar i stand til å konkurrere i ein global marknad

Tore Jenssen søkte patent i Noreg i 2016 og fekk den godkjent. Søknaden vart også vidareført gjennom det internasjonale søknadssystemet PCT. Utfordringa med å velje land ein skal søkje patent i, ligg i at LUBESNAKE® er eit produkt som må sikrast i dei landa som har semitrailarar, og Jenssen valde derfor å peike ut alle dei 162 landa i PCT-søknaden i første omgang. 

I tillegg til patent vart det søkt om varemerkevern på LUBESNAKE®, og det vart sikra rettar til domenene lubesnake.com og fifthwheel.no.

Tore Jenssen har allereie sikra seg ein avtale med den internasjonale tungvektaren Univar om distribusjon i Norden, og han jobbar med konkrete planar om distribusjon til USA og resten av Europa.

Han har også fått forespurnad som omhandlar marknadadene i Asia.

Gode hjelparar

LUBESNAKE® har hatt fleire gode støttespelarar med seg på vegen.

T-lab var den første aktøren gründeren kontakta. Her fekk han mange gode råd om oppstart, og han kom i kontakt med Magnus Hakvåg, CEO House of Knowlede, som var ein god mentor når det gjeld patent.

Tore Jenssen nemner spesielt at Kjetil Vatn, tidlegare økonomidirektør i Norske Skog Sogn, har vore ein viktig mentor og rådgivar, blant anna då avtalen med Univar skulle utformast. Knut Jenssen har bidrege med varemerkebyggjing. I tillegg har Trøndelag Forskning og Utvikling bidrege med rådgiving og Innovasjon Noreg med økonomisk støtte. 

LUBESNAKE® kom inn innkubatoren Proneo hausten 2017. Her har dei fått rådgiving og utviklingshjelp, blant anna i arbeidet med å finne løysingar for å automatisere produksjonen.

Taushet er gull

Tore Jenssen har vore veldig bevisst på det å bruke fortrulegheitsavtalar/teigeerklæringar når han har vore i kontakt med ulike aktørar undervegs i prosessen. Dette gjeld bankkontaktar, møter med oljeprodusentar, Trøndelag Forskning og Utvikling, t-lab, advokatkontor, smøroljeteknisk personell, testmiljø, regnskapsfirma og øvrige hjelparar.

I ein tidleg fase etter at patentsøknaden var sendt inn, var gründeren i møte med eitt av verdas største oljeselskap. Det blei brukt mykje pengar og 3 månader på å få til ein fortrulegheitsavtale som begge partar kunne godta. Først då denne avtalen var signert, kunne han gå i samtale om sjølve produktet LUBESNAKE®.

Samfunnsøkonomisk verdi

LUBESNAKE® har effektivisert prosessen og gjort oppgåva enklare. Sjåførane utfører oppgåva på ein brøkdel av tida det tok tidlegare. For eit stor transportselskap gir dette enorme innsparingar. Ein annan positiv effekt er det faktumet at svinghjulet faktisk blir smurt, sidan prosessen har blitt så mykje enklare.

"Vi opererer i ein global marknad, men har ei sterk lokal forankring. Vi er opptatte av å skape verdiar, arbeidsplassar og industriell vekst i Trøndelag og i Noreg. Derfor har vi sett opp produksjonen lokalt heime i Steinkjer, i staden for å flagge den ut til lavkostland. Det gir oss stor handlefridom med tanke på korleis selskapet skal byggjast vidare", seier Tore Jenssen.

"Lubesnake AS skal vere ein ansvarleg samfunnsaktør - vi skal byggje opp industri i Noreg!"

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: