
No Isolation tek godt vare på varemerket sitt
No Isolation er ei norsk oppstartsbedrift, grunnlagd i oktober 2015 av Karen Dolva, Marius Aabel og Matias Doyle. Selskapet taklar einsemd og ufrivillig sosial isolasjon ved å utvikle kommunikasjonsverktøy som kan hjelpe dei det gjeld.
Det fyrste verktøyet som blei oppretta var AV1, ein robot designa for å hjelpe barn og unge vaksne med langtidssjukdomar med å delta i kvardagen. AV1 blei lansert i august 2016, og hjelper no rundt 1000 barn i 13 land.
Det andre verktøyet, KOMP, er designa for å forbetre kommunikasjonen mellom generasjonar og familiemedlemer, uavhengig av teknologiske kunnskapar. KOMP blei lansert i november 2017. KOMP står no hos rundt 800 seniorar, og har nesten 5000 app-brukarar kvar veke.
No Isolation er ein tankeleiar for emna einsemd og isolasjon, og har kontor i Oslo og London. Dei samarbeider tett med andre bedrifter, velgjerande organisasjonar og offentleg sektor for å utvikle nye produkt. Produksjonen og mykje av designet er blitt til med hjelp av andre.
Rettar
No Isolation er medvitne på å sikre verdiane i bedrifta, og har hatt ein offensiv IPR-strategi frå starten. Dei har arbeidt tett med IPR-rådgivarar, og har investert mykje ressursar og kapital i dette. Dei har fleire typar rettar:
Patent:
- Patent på digital koplingsteknologi i Noreg og patentsøknadar er til behandling hos EPO og i USA
Varemerke:
- No Isolation er registrert som ordmerke i Noreg og i mange land over heile verda
- KOMP er registrert som både ordmerke og kombinert merke i fleire land som har signert Madrid-protokollen, deriblant Noreg og EU
Design:
- Designvern for AV1 i Noreg
- Designvern for KOMP i Noreg, EU og i fleire andre land
No Isolation samarbeider med særdeles dyktige, norske spesialistar som fungerer som fullmektigane deira opp mot Patentstyret og dei utanlandske patentmyndigheitene.
Dei fekk Oslo Innovation Award 2020 av Oslo Business Region

Les meir om No Isolation på nettsidene deira
Les meir om korleis andre verksemder tek vare på verdiane sine