Posten Noreg

I 2008 lanserte Posten Noreg ein ny merkevarestrategi med Posten og Bring. Konsernet har investert betydeleg i utviklinga og lanseringa av den nye merkevarestrategien, og lagt stor vekt på å sikre verdiane gjennom varemerkevern.
Bringbil. Foto: Håvard Jørstad

Posten Noreg er ei tradisjonsrik verksemd med 370 års historie og erfaring med distribusjon av brev og pakkar i Noreg. Posten er blant Noregs mest kjente og anerkjente merkevarer.

I 2008 lanserte konsernet ein ny merkevarestrategi med Posten og Bring, med bakgrunn i den nye forretningsstrategien til konsernet. Fysisk post hadde passert ein historisk topp i Noreg ved inngangen til år 2000. Posten valde å møte denne utviklinga med å satse offensivt innanfor logistikkområdet og med Norden som heimemarknad.

Resultatet blei to merkevarer: Posten for det norske folket og Bring for bedriftsmarknaden i Noreg og Norden. Merkevarelanseringa var svært vellukka og blir brukt som eit referansecase innanfor merkevarestrategi.

Posten-merka og marknadsposisjonen er opparbeidd gjennom mange år, og det er viktig for konsernet å sikre at andre ikkje misbruker eller snyltar på tilliten og verdiane våre.

Bring var ei nyskaping i 2008 i både namn og merke. Vi var opptatte av å sikre vern for merkevara innanfor kategoriane våre, i både den norske, nordiske og europeiske marknaden. Målet har vore å utvikle ei unik og sterk merkevare.

Å byggje sterke merkevarer gjer seg ikkje sjølv. Det krev investeringar over tid i kjennskap og kunnskap. I Posten og Bring byggjer vi merkestyrke gjennom eigne tilsette som lever for å levere – og finn nye vegar for kundane. Posten og Bring står for høg kvalitet og framtidsretta løysingar. Kundane skal oppleve dette i møte med medarbeidarane våre, og sjå at vi i Posten og Bring skil oss positivt ut i forhold til andre aktørar. Då var det viktig å unngå faren med å forveksle oss med andre verksemder.

For nokre år sidan klaga Posten-konsernet inn bruken av Easybring som merkenamn og domene. Denne saka vann vi i klagenemnda. Dette er eit eksempel på korleis konsernet jobbar for å verne om verdiane som merkevarene våre representerer.

Vi vil også i framtida forsvare oss mot potensielle snyltarar på merkevarene våre.

Les fleire historier om andre verksemder

 

Takk for tilbakemeldingen din!
Denne siden ble sist endret: