Fireman960x320.png
Foto: FLIR UAS AS

Prox Dynamics

Teknologifirmaet Prox Dynamics har utvikla verdas minste drone – eit superavansert spionhelikopter på 18 gram. For å halde konkurrentane på avstand er dronen verna med meir enn 15 patent, fleire varemerke og ei designregistrering.

Om Prox Dynamics

Prox Dynamics utviklar, produserer og sel verdas minste og mest avanserte personlege rekognoseringssystem, Personal Reconnaissance System (PRS), for sivil og militær bruk.

Selskapet blei starta i 2007. Vi starta utviklinga med det første produktet, PD-100 PRS, med vekt på innovative løysingar på dei komplekse problema i bransjen, basert på moderne mikroelektronikk, sensorteknologi og kreativ mekanisk design og eit tett samarbeid med industrielle og kommersielle partnarar. Dette blei for første gong tatt i bruk i større skala av det britiske militæret i Afghanistan i 2012.

Prox Dynamics er i dag ein verdsleiande produsent av nano-UAV-ar, og PD-100 PRS blir selt i meir enn 15 land.

Heile systemet veg i overkant av eit kilo, og er ei portabel eining som ein operatør lett kan bere med seg på kva som helst slags oppdrag.

Systemet består hovudsakleg av to delar: ei baseeining og ein UAV. I tillegg til prosessor, batteri og fjernstyring for UAV-en består baseeininga av ein full-HD-skjerm der operatøren kan sjå direkte video og data frå helikopteret etter kvart som det blir manøvrert rundt.

UAV-en, Black Hornet, veg totalt 18 gram, har ein maksfart på 5 m/s og kan sende video tilbake til operatøren med ein avstand på opptil 1,6 km i opptil 25 minutt.

Viktige vurderingar blir gjorde undervegs i prosessen

Vurderingane som Prox Dynamics må ta før ein søknadsprosess, er todelte. Først avgjer vi kva som er ei unik løysing for oss og produktet vårt, og kva det vil vere lettare for ein konkurrent å finne alternativ til. Den andre vurderinga er kva vi er best tente med å halde hemmeleg, og kva vi kan tillate oss å offentleggjere.

Som eit selskap i ein spesialisert industri der alle tilsette har djuptgåande kjennskap til det fremste i fagdisiplinen sin, er vurderinga om det er unikt, som oftast den lettaste. Derimot er mykje av utviklinga i «skjult» teknologi, som ligg djupt i hardware- og/eller softwareløysingane. Desse kan det vere naturleg å halde hemmeleg, mens meir synlege løysingar, som rotordesign eller GUI, kan det vere nødvendig å verne fordi dei er lettare å observere.  

Dokumentasjon sikrar at kunnskap ikkje forsvinn

Med unntak av pliktene i kontraktane til dei tilsette og kontinuerlege diskusjonar i og rundt prosjekt, har vi sett opp dokumenteringssystem for å hindre at kunnskapen til dei tilsette forsvinn ut av bedrifta. Dette overlappar òg med rutinar som følgje av sertifiseringer Prox Dynamics har som gjer at avgjerder og utviklingsdetaljar heile tida blir dokumenterte undervegs.

Val av fullmektig

I tillegg til erfaring og god teknologiforståing innanfor fagfelta som spenner frå mekanikk til signalbehandling, telekommunikasjon og brukargrensesnitt, handla valet av fullmektig om fleksibilitet.

I den hektiske kvardagen for eit selskap i sterk vekst var det viktig å engasjere nokon som kunne fylle ei intern IP-management-rolle og gjere IP-jobben og avgjerdene enklare med mindre «støy» frå patentkontor og patentmyndigheiter.

Les fleire historier om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: