
Rom & Tonik registrerte design og varemerke før dei satsa internasjonalt
Tekst: Atle Abelsen
Ull er eit fantastisk råstoff med mange bruksområde. Då Birgitte Linde Røsvik og Mats Herding Solberg i 2012 tok fatt på masteroppgåva innan industriell design på NTNU, fekk dei blant anna utfordringa å finne nye eller lite nytta bruksområde for ull i industriell samanheng.
Etter ein del idéutvikling, analysar og testar fann dei ut at dette råstoffet faktisk kan eigne seg svært godt som støydemping i bygningar. Samstundes går det an å utnytte ein grov ullkvalitet som elles er mindre etterspurd og dermed billegare enn den fine kvaliteten, for eksempel merinoull, som går til tekstilindustrien.
I 2012, mens dei framleis jobba med masteroppgåvene sine, starta dei selskapet som seinare skulle få namnet Rom & Tonik®. Dei vann Venture Cup, ein større forretningsplankonkurranse, og ballen byrja å rulle. Birgitte var først ferdig med masteroppgåva si, som handla om businesscase og tidlege idear. Deretter jobba Mats vidare med resultata til Birgitte i si masteroppgåve, og dei reiste til Mongolia for å finne samarbeidspartnarar og utvikle det første produktet.
— I Mongolia har dei lange tradisjonar med å produsere og utnytte nettopp den ullkvaliteten vi var ute etter, seier Mats Solberg. Då han kom tilbake frå Mongolia etter nokre veker i 2012, hadde han både samarbeidspartnarar, ein produsent og det første produktet – FeltTile – på plass. Det første pilotsalet til ein testkunde kom allereie i desember 2012. Deretter gjekk det eit år til det første kommersielle salet.
Patent vurdert
Gründerduoen fekk råd om å starte eit patenteringsløp så tidleg som mogeleg. —Men vi såg ganske kjapt at det ville bli både vanskeleg og ikkje minst dyrt å patentere ideane våre. Dessutan er det relativt få som patenterer i tekstil- og møbelindustrien. Dei færraste produkta har levetid ut over tre til fem år, det er altfor kort for eit patent. Dei fleste designvernar derimot produkta sine, seier Solberg.
Les meir om designregistrering
Han er likevel ikkje heilt framand for å patentere enkelte detaljar på eit seinare tidspunkt. —Det kan vere detaljar som opphengsmekanismar eller framstillingsmetodar, seier han.
Solberg og Røsvik har også idear om å blande ulla med ulike andre materialar. — Vi vil forske meir for å finne optimale løysingar for både akustikk, spesifikke frekvensområde og for eksempel hygroskopiske eigenskapar. Dette er ei meir forskingsdriven utvikling med eit større potensial for patentering.
Les meir om patentering
Tidleg merkevarebygging
Merkevarebygginga starta allereie i 2013, før det første kommersielle produktet var klart for sal. Med støtte frå Innovasjon Noreg i ryggen kunne Solberg og Røsvik setje i gang med denne prosessen. Dei tok kontakt både med små, unge, men dyktige og kreative designbyrå, og med store, solide aktørar med brei erfaring og portefølje.
— Valet fall på det siste. Vi fann etter kvart ut at vi ville ha nokon som kunne tilby solid erfaring ut over det å teikne ein logo. Vi valde Scandinavian Design Group fordi dei kunne vere ein perfekt partnar i dei kreative prosessane. De hjelpte oss med strategi og designutvikling, i tillegg til å utvikle ein god logo og ein grafisk profil. Dei stilte oss nokre tøffe spørsmål om kven vi var, og kor vi ville. Det var veldig klargjerande.
Viktig namn
Namnet var viktig. Det måtte skilje seg ut, vere lett å kjenne igjen og ikkje minst vere tilgjengeleg i både varemerkeregister og som domene. Designbyrået kom opp med namnet Rom & Tonik®. Solberg meiner det er veldig godt av fleire årsaker. Det relaterer seg til både produktet og selskapet: Rom viser til det arkitektoniske, og tonik viser til tonic som betyr grunntone på engelsk. Det spelar humoristisk på den kjente drinken gin & tonic, noko som gjer det lett å hugse. Og det fungerer godt på dei fleste språk, utan at betyr noko uheldig. Og domenenamnet var ledig.
I tillegg til finansiering frå Innovasjon Noreg har Ålesund Kunnskapspark gått inn med midlar ved å kjøpe ein liten eigardel. Rom & Tonik® har adresse i Ålesund og består førebels berre av Solberg og Røsvik. Dei har planar om ein generisk vekst ettersom produktet får fotfeste og etterspurnaden aukar. – Vi kjem til å trenge fleire folk etter kvart som vi vidareutviklar produkta og utviklar nye produkt, seier Solberg. Dei ligg i år i rute med budsjettet som er å omsetje for om lag tre millionar kroner. Planen er å tredoble dette i 2016.
Produktet og rettane
Rom & Tonik® fekk varemerke- og designvern for namnet, logoen og den grafiske profilen sin. Dei har utvikla tre produkt der dei førebels har fått designvern for FeltTile, men førebels ikkje varemerkevern. Dei er også på trappene med lansering av FeltCeiling og FeltRoll, men det siste kjem dei ikkje til å søkje om vern for. Alle tre utnyttar dei akustiske eigenskapane ved grov, mongolsk ull til lyddempande element for veggar og tak i bygningar. Produkta har også element ved seg som er positive for miljøet. Dei er laga av 100 prosent naturleg og resirkulerbart materiale, råstoffet er ofte eit biprodukt ved framstilling av ull av finare kvalitet til møblar og tekstilar, og ulla er ikkje allergiframkallande.
Rom & Tonik® har søkt og fått varemerke- og designvern i Noreg inntil vidare, men kjem til å søkje om det same i dei marknadane dei etter kvart vil gå inn i.
Les meir på nettsidene til Rom & Tonik®: rom-tonik.no og på Facebook: facebook.com/romtonik