Melkekartonger
Foto: Tom Gustavsen

Rørosmeieriet meiner tidleg varemerkeregistrering er viktig

Rørosmeieriet har sidan 2001 tilbode økologisk mat med utspring i mattradisjonar og råvarer frå Røros. Dei legg vekt på å verne merkevarene sine, og bruker aktivt varemerkeregistrering.

Røros fekk sitt første meieri i 1953. Dette meieriet produserte berre smør. I 1970 bygde Røros Meieri A/L eigne lokale på Røros, der Rørosmeieriet held til i dag. Frå 1977 var det Tine avdeling Røros som dreiv meieriet med produksjon av fleire produkt, frå økologisk søtmjølk til tjukkmjølk. Tine la etter kvart ned i Røros. Fire tilsette gjekk saman med lokale økobønder og stifta Rørosmeieriet 5. januar 2001, godt støtta av det offentlege og med viktig fødselshjelp frå Tine Midt-Noreg. Dei fire gründerane Inge Broen, Ola Arvid Feragen, Arnt Langen og Reidar Sommer fylte alle rollene på meieriet sjølv i starten, og omsetninga låg på godt og vel fem millionar. Rørosmeieriet tilbyr i dag økologisk mat med utspring i rike mattradisjonar og gode råvarer frå Røros-traktene. Dei sel gjennom dei største kjedene i Noreg.

Fleire varemerke

Rørosmeieriet har registrert både verksemdsnamnet og logoen, i tillegg til fleire av produkta. Dei søkjer tidleg i idéfasen, før dei har eit endeleg produkt. Dermed har dei eit sett av varemerke dei kan bruke når produkt skal lanserast. I tillegg bruker dei aktivt TM-merking på produkt som ikkje er registrerte varemerke. Dei har òg geografiske nemningar på produkt, ei ordning med beskytta merke som blir administrert av Stiftinga Norsk Mat.

Rørosmeieriet har valt ein medviten miljøprofil, mellom anna ved å ha ubleikte kartongar. Sjølv om dette betyr høgare pris, er det viktig for dei. Dette var dei først ute med, og synest det er greitt at konkurrentar kopierer dette fordi det er bra for miljøet. Dei har på denne måten klart å redusere CO2-avtrykket med 40 %, noko dei er veldig fornøgde med.

Har opplevd kopiering

— Vi reagerer viss nokon legg seg for tett opp til designet vårt og merkevara vår, seier Lund. — Mjølkeflaske er eit kjenneteikn vi bruker på mjølkekartongane. Vi har opplevd at konkurrentar har lagt seg veldig nært dette, og det har vi reagert på. Konkurrenten lova endring ved neste opptrykk, men endringa svikta. Det resulterte i at vi avslutta eit samarbeid vi hadde hatt ein periode.

Varemerka er viktig når dei skal byggje merkevare. Dei er fornøgde med at logoen deira har oppnådd ein merkekjennskap på 77 %. Elles har meieriprodukt eit felles kategorispråk, med felles fargar og design. Til dømes er fløytefargen gul. Det er likevel viktig å skilje seg ut.

Medviten IP-strategi

Rørosmeieriet ønskjer å verne varmerkene sine, og har dei siste 4 åra jobba med å registrere dei. Dei søkjer tidleg rettar slik at dei har ein base med registreringar som dei kan bruke når dei får nye produkt på marknaden. Dei har brukt Onsagers til å hjelpe seg i denne prosessen.

Tips til andre bedrifter om korleis dei kan ta vare på rettane

— Vi oppmodar alle til å ta med IPR som ein naturleg del av produktutviklingsarbeidet, avsluttar Lund.

 

Les meir om Rørosmeieriet på nettsidene deira
Les meir om varemerkeregistrering

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: