Maskin viser såkalt termisk sprøyting

For Seram Coatings er patent kritisk for å stå sterkare ved ein eventuell kopiering

«For oss er det spesielt kritisk å ha patentvern for å stå sterkare dersom nokon skulle klare å kopiere produktet vårt.»

Seram Coatings AS er ei bedrift med utspring frå NTNU, og blei etablert i desember 2014 for å kommersialisere oppfinninga ThermaSiC. Det er eit pulver basert på silisiumkarbid (SiC) som blir til slitasjebelegg ved såkalla termisk sprøyting. Veldig mange har forsøkt å lage eit slikt pulver basert på SiC, men ingen har klart det ­– heilt til Nuria Espallargas og Fahmi Mubarok gjorde det ved NTNU.

ThermaSiC er motstandsdyktig mot slitasje, korrosjon og temperatur, og har derfor eit breitt spekter av bruksområde, som aluminiumsproduksjon og glasproduksjon. I tillegg er låg vekt og stor styrke noko som gjer produktet interessant for romapplikasjonar.

Oppfinnarane nominerte til European Inventor Award

Det europeiske patentverket (EPO) heidrar oppfinnarar som gjennom banebrytande innovasjon forbetrar liv, fremmar teknologi og skaper arbeidsplassar. Oppfinninga til Nuria og Fahmi er så banebrytande at dei saman med to andre kandidatar blei nominerte til denne prestisjetunge prisen i kategorien små og mellomstore bedrifter i 2022. 

Sjå meir informasjon om nominasjonen og prisen på EPOS nettsider

Nuria Espallargas & Fahmi Mubarok om oppfinninga

Nuria Espallargas er i dag teknologigründer, professor ved NTNU og sit i styret for Seram Coatings. Fahmi Mubarok er Assosiate Professor ved IT sin Surabaya og har ein liten stillingsprosent i R&D-avdelinga i Seram Coatings.

Patentert i fleire land

ThermaSiC er patentert i ei rekkje land, og dei har har nylig patentsøkt ei ny oppfinning. NTNU starta søkjeprosessen og gjorde sjølv mykje jobb i tett kompaniskap med Dehns i UK. Seram Coatings har vidareført arbeidt med Dehns og konfererer også jamleg med NTNU TTO sin patentkyndige.

Seram Coatings ønskjer å drive vidare produktutvikling, og dei har starta ei rekkje langsiktige testprosjekt som kvar for seg kan gi selskapet store moglegheiter kommersielt. Dei har investert over 8 millionar kroner i testutstyr for termisk sprøyting, blant anna til apparatet som blir nytta industrielt for å lage belegg av pulveret.

 

Les meir om patentering

Les mer om Seram Coatings

Les fleire historier om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: