
Smartfish får større forhandlingsstyrke ved å patentere teknologien
Smartfish er eit bioteknologiselskap som utviklar, dokumenterer og kommersialiserer juicebaserte Omega 3-emulsjonar. Smartfish har fleire drikkar på marknaden retta både mot spesielle medisinske føremål og mot idrettsutøvarar for å betre restitusjon og immunforsvar. Drikkane er rike samansetjingar av fiskeolje, naturlege antioksidantar, myseprotein, fiber og vitamin.
Smartfish har patentsøkt produkt og teknologi kontinuerleg sidan 2001, og har eit godt og inngåande samarbeid med Zacco Norway.
Patent: Selskapet har i dag ein sterk og omfattande portefølje av patentfamiliar med innvilga patent i heile verda – inkludert USA. Selskapet har i dag 21 innvilga patent – og 47 søknadar under behandling. Dei innvilga patenta er i all hovudsak compositions – det vil seie at dei dekkjer formuleringane deira. Det gir dei eit sterkt og viktig vern fordi det gjer at ingen andre har lov til å lage det same produktet. Smartfish arbeider systematisk med forsking og utvikling, og har gjort det i mange år. Patentering blir sett på som ein viktig og naudsynt del av arbeidet og stadfestar at det dei gjer, har innovasjonshøgde og gir overraskande resultat.
Varemerke: Smartfish har i dag rettar til tre varemerke som er registrerte i land rundt i heile verda. Det er i dag 50 godkjenningar/registreringar for desse. Varemerka blir brukte på dei kommersielle produkta som Smartfish har på marknaden. For Smartfish er varemerkeregistreringa ein aktiv prosess fordi dei alltid prøver å verne aktuelle varemerke.