The-first-zip-on-tire-system_960x320ny.jpg

Technium

«Patentvern gir større sikkerheit og føreseielegheit knytt til produkt som kan vere enkle å kopiere, og redusert risiko knytt til skalering av selskapet og investeringar i produksjonskapasitet.»

Technium AS vart etablert i Trondheim i 2015, og har i dag kontor i Trondheim og Oslo og eit team på 9. Dei leverer modulære dekksystem til sykkel, rullestol og barnevogn, og har vore i marknaden i 2 år. Deira modulære dekksystem er patenterte og let brukaren enkelt feste ulike overflater på deira dekk, og på den måten tilpasse dekket til bruksbehovet.Technium har utvikla det modulære dekksystemet Retyre, som gjer at brukarane enkelt kan setje riktig dekk på sykkelen.

Technium har rettar knytt til varemerke og produkt i form av fleire internasjonale patent og varemerkeregistreringar. 

Technium har sjølv utvikla produkta og stilt prototypar, tekniske teikningar og illustrasjonar tilgjengeleg for våre patentfullmektigar. Prosessane knytt til utforming av patent/patentkrav, praktisk gjennomføring av nasjonal og internasjonal patentering og løpande oppfølgjing av dette, samt strategiske avgjerder knytt til patentering og handheving av rettar er gjennomførte av fullmektig. 

Technium har motteke betydelege støttemiddel frå ulike nasjonale og internasjonale offentlege program. Dette inkludere Innovasjon Noreg, Forskningsrådet og Europakommisjonen (EASME). Selskapet har også motteke middel via private støtteordningar, samt gjennomført to investeringsrundar. Dette har ført til at selvskapet har kunna investert i produksjonskapasitet og vern av IPR.

reTyre_logo_300x106.jpg

Les meir om Technium

Les korleis andre verksemder tek vare på rettane sine

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: