Think Outside verner innovasjonen for å sikre ein god posisjon i marknaden

Think Outside utvikler nye løysingar for analysar av snø og vatn. Gjennom å verne innovasjonen kan dei posisjonere seg i marknaden på ein betre måte.

Det første produktet dei utvikla heiter Sknow. Det er ein liten, lett og smart radarsensor som settes på skia og som les snøen under skikøyraren i «real time». Algoritmane i prosesseringa av dataene blir trena opp til å kjenne igjen forhold i snøen som kan føre til snøskred, og skikjøraren får råd om forholda som Sknow «ser» i snøen både gjennom lys på sensoren og i ein tilhøyrande app. Selskapet vidareutviklar ulike løysingar for snø og vatn for industrielt bruk. 

Verner teknologien, namnet og utsjånaden

Gjennom å verne innovasjonen posisjonerer Think Outside seg i marknaden på ein betre måte. Dei har patentert funksjonaliteten i skisensoren. Merkevara Sknow og det visuelle uttrykket har dei verna ved varemerkeregistrering. Dette mener dei gir verksemda ein god, trygg posisjon i marknaden som sikrar mot konkurranse.

Think Outside har utarbeidd ein IPR-strategi for både nye hardwareinnovasjonar, algoritmar og eventuelle nye produktnamn og logoar. 

Så langt har dei ikkje opplevt konfliktar frå konkurrentar eller IP-troll.

Patentrettar viktig for å skaffe investorar

I ein del utanlandske finanansmarknader er patentering svært viktig. Patentrettane er ofte noko av det første ein investor spør om. Hadde dei ikkje kunnet vise til disse rettane, ville nok ein del samarbeidsdiskusjonar blitt svært korte og tilgangen på både stønader og investeringar vanskelegare.

Bedrifta brukte IP-konsulentselskapet Zacco til å ta seg av patenteringa av Sknow-sensoren og registreringa av varemerke. Den dåverande CTOen har lang erfaring med IP og IP-strategiar og var ein svært god prosjektleiar gjennom denne prosessen. Dei fikk hjelp til utforminga av patentsøknaden frå Zacco.

Offentlege stønadsordningar

Think Outside har motteke ulike typar verkemiddelstønad frå Innovasjon Noreg, og forskningsmiddel frå Noregs forskningsråd (BIA-middel). Dei har også fått tilskot frå EU gjennom programmet Horizon 2020.

Tips til andre verksemder

Think Outside meiner at ein unngår unødvendig ekstraarbeid og kostnader ved å tidlig utvikle ein god og fokusert brandingstrategi som inkluderer varemerke. I sin eigen prosess oppdaga dei at det første namnet dei hadde tenkt å bruke på det som i dag er Sknow, var eigd av eit større tysk industriselskap. Dermed måtte dei tilbake til teiknebordet for å finne namn og logo til innovasjonen. Dei var betre førebudd då dei starta arbeidet med IP-vern for sjølve hardwaren, og det gjorde denne jobben mykje lettare. No har dei gjort gode erfaringar og har fått råd og hjelp. Dermed er dei godt rusta for nye IP-prosessar.

Les meir om Think Outside

Les meir om varemerkeregistrering

Les meir om patentering

Les meir om hva investorar meiner om IPR

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: