Rotte
Foto: iStock.

TXGuardian: rettar gir godt grunnlag for lisensavtalar

«TXGuardian har internasjonale ambisjonar, og det er ein fordel å ha rettar som grunnlag for lisensavtalar med internasjonale samarbeidspartnarar og forhandlarar.»

TXGuardian er eit teknologiselskap som leverer løysingar for å overvake og verne bygg mot skadedyr, i fyrste omgang gnagarar som mus og rotter. Slike skadedyr utgjer eit stadig større problem, spesielt i byane.

Unikt produkt

Tradisjonelt er gift blitt brukt for å bli kvitt mus og rotter, noko som har store negative konsekvensar for miljøet. TXGuardian har sett behovet for nye, miljøvennlege metodar for å førebyggje problemet, utan bruk av gift. Dei ønskjer å vareta miljøet og samtidig redusere kostnadene knytte til nedkjemping av skadedyr.

Deira konsept GreenGuard skremmer bort rotter og mus ved at dei får ufarlege, elektriske støytar. Produktet består av eit veggsystem og ei portlist. Portlista vernar porten, som er eit svakt punkt på alle bygg. Gnagarane får eit ufarleg støyt når dei rører lista, og lærer dermed å halde seg unna.  Veggsystemet og portlista kan koplast saman for å sikre heile bygget. Teknologien er driftsikker og toler ulike vêrforhold, og er laga av vedlikehaldsfrie materialane med lang levetid. 

Videoen viser korleis rottene reagerer på dei elektriske støytane frå GreenGuard. Forsking utført av Veterinærinstituttet provar at produktet verkar og har læringseffekt, og at dyrevelferda er vareteken.  Bedrifta kjenner ikkje til andre konsept for gnagarar som har tilsvarande dokumentasjon frå dyreforsøk. 

Slik verkar GreenGuard

Ulike måtar å verne verdiane på

TXGuardian har ein IPR-strategi med forskjellige tiltak for ulike område av verksemda; alt frå bedriftsløyndomar til patent. Dei har fått hjelp av Oslo Patentkontor til søknadsprosessane.

  • Logoen er registrert som varemerke i Noreg. 
  • Dei har norsk patent på portlist-løysinga, og dei fekk nyleg innvilga patent i Australia på kjerneteknologien sin — utstyr for skadedyravvising og -kontroll. Dei har også patentsøknader inne for dette i Canada, USA, Europa og Kina.

Portlist-løysinga er eit heilt nytt konsept med stort potensial, og det er viktig for bedrifta å få verna teknologien. «Skadedyrutfordringane og marknaden er mykje større i Australia enn i Noreg. Derfor er det veldig spennande at det breie patentet på kjerneteknologien no er innvilga der», seier dagleg leiar Elisabet Mæland Fosse

TXGuardian har avslutta samarbeidet med interessentar frå Thailand på grunn av risiko for kopiering. Dei har også registrert ein aktør i Noreg som har testa ei portlist, men utan å kommersialisere den i full skala. Dei meiner derfor det er veldig verdifullt å no ha fått innvilga patent i Noreg på akkurat denne portlista. 

Tilskot frå offentlege stønadordningar

TXGuardian har fått miljøteknologistønad og lån frå Innovasjon Noreg. Dei har også fått stønad til eit forprosjekt på forbrukarmarknaden gjennom satsinga «Grønn Framtid» frå Oppland fylkeskommune. 

GreenGuard-konseptet består av eit veggsystem og ei portlist. Foto: Linda Søvik 

Les meir om TXGuardian på nettsidene deira

Les meir om offentlege stønadordningar på Altinn

Les meir om korleis du kan sikre einerett til oppfinningar, logoar og design

Les meir om korleis andre bedrifter tek vare på verdiane

 

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: