Benker fra Vestre på Aker Brygge
Foto: Tomasz Majewski/Vestre

Vestre designvernar alle nye produkt for å sikre dei mot etterlikningar

Vestre er ein innovativ møbelprodusent med stor respekt for rettane til designarane sine. Ingen skal få lov til å snylte på arbeidet til andre. Den mest effektive måten vi kan hindre ulovlege etterlikningar på, er å design- og varemerkeregistrere alle produkt.

Vestre er ein innovativ produsent av møblar for byar, parkar og offentlege uterom. I snart 70 år har firmaet vore med på å skape sosiale møteplassar for millionar av menneske. Produkta er produserte i Noreg og Sverige med materialar av første klasse og med ein gjennomgåande kvalitet som gir problemfri bruk i mange år framover.

Firmaet samarbeider med ei rekkje skandinaviske formgivarar, og har motteke ei lang rekkje designutmerkingar.

Vestre har design- og varemerkeverna store delar av kolleksjonen sin, og logoen og namnet til firmaet. Møbelprodusenten søkjer designvern for alle nye produkt og varemerkevern når det er mogeleg. Det har vist seg å vere ei god investering.

Vestre gjorde tidlegare søkjeprosessen og oppfølginga sjølv, men har dei seinare åra fått hjelp av eit konsulentfirma til dette.

 

Les meir om designregistrering

Les meir om varemerkeregistrering

Les meir om Vestre

Les fleire historier om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: