
Volvo satsar på eit sterkt varemerke
Volvo verner teknologien, namnet og designet på produkta sine på ulike måter, men varemerket er det viktigaste. Det ber namnet.
Den første masseproduserte Volvo-bilen blei produsert i Gøteborg i 1927. Sida då har Volvo vore verdsleiande på tryggleiksteknologi og innovasjon. I dag er Volvo ein av dei mest kjende og respekterte vartemerka innanfor bilindustri, transport og konstruksjonssektoren, og er tilstades i omtrent 100 land.
Nils Ekström jobbar som intern patentadvokat i Volvo Trucks. Han var ein av bidragsytarane på kurset vårt om patentering av programvarerelaterte oppfinningar i februar. Då fekk vi ein prat om korleis Volvo jobbar med immaterielle rettar.