produkter_960x320.jpg

wheel.me

«Ofte er IP-strategien avgjerande for om du får investorar med på laget, eller om du kan hente softfunding gjennom virkemiddelapparatet.»

Er det mogleg å finne opp hjulet på nytt? Det var utfordringa som gründarane av wheel.me tok i 2013. Dei ønskte å bruke «smarte hjul» til å flytte på alt på ein mykje eklare måte enn tidlegare. Deira målsetjing er å bli den valde plattforma for innandørs mobilitet. I tillegg til det fysiske hjulet, koplar dei opp sensorar som gjer hjula sjølvkjørande. I sum skapar dette fleksibilitet og innovative løysingar for smarte bygg.

Bruksmoglegheitene er mange - frå flytting av senger og apparat på sjukehus til fleksibelt oppsett av stolar og bord i konferanselokale og flytting av veggar for enkel ommøblering i heimen eller på jobben. Løysinga kan aktiverast ved ein app eller ved hjelp av tale, og databehandlinga foregår i skyen. Eit av konkurransefortrinna er låg pris samanlikna med alternative løysingar. 

Har varemerke, designrettar og patent

wheel.me verner produkta og løysingane ved både varemerke, designregistrering og patent. Dei vurderer kva marknader dei vil gå inn i, og sørgjer for vern. Dei har også brukt forundersøkingar for å finne ut kor dei har fridom til å utvikle ny teknologi. 

Dei har brukt eksterne rådgjevarar gjennom heile prosessen. Rådgjevarane varetek ogs¨å rettane i etterkant. wheel.me følgjer også sjølv med på om produkta blir kopiert gjennom samarbeidspartnarar, informasjon på nettet og andre aktivitetar. Dei produserer i Noreg, og slepp dermed kopieringsproblematikk som kan dukke opp når produksjonen skjer i utlandet.

Eit tips til andre, er å vere bevisst på strategien knytta til IP. Tenk gjennom kva dykk ønskjer å oppnå. Dei anbefaler å ta sjansen på å patentere breitt, og ikkje vere redd for mothald. Støter dei ikkje på mothald, er patentet for snevert. Det er viktig å sørgje for fridom til å operere fritt.

 

wheel.me har fått støtte frå Innovasjon Noreg og EU-systemet gjennom Horizon 2020 og Eurostarts, det siste i samarbeid med Forskningsrådet. Dei meiner at ein sterk IP-portefølje og eit bevisst forhold til IPR-strategi har vore viktig for å kome med i desse støtteprogramma.

Les meir om wheel.me

Les meir om korleis andre verksemder bruker IPR

Les meir om kvifor registrerte rettar er viktige for å få investorar

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: