Tittelbilde_960_320_hvitkantet.jpg

Zaptec

ZAPTEC Charger AS har med unike ladesystem for elbilar klart å bli marknadsleiar i burettslag, bustadsameiger og verksemder. Ladaren er patentverna, slik som dei fleste av ZAPTEC sine produkt.

ZAPTEC er eit norskeigd selskap som vart etablert i 2012. Etableringa og teknologien deira var inspirert av olje- og gassektoren, men retninga til selskapet har endra seg over tid. Verksemda starta med eit patent innanfor trafoteknologi.

ZAPTEC har i dag produkt og system som er verna av eigne patent. Eit viktig patent er ein ladestasjon til elbil som kan styrast til å veksle mellom fasane i ein 3-fase elektrisk installasjon (ZapCharger Pro). ZAPTEC har også patent på ein elektrisk isolert ladekabel til elbil (ZapCharger Portable).

Område dei har verna

  • Høgspenningstransformator (patent)
  • Isolasjonstransformator brukt mot lading av ein elbil (patent)
  • Elektrisk fasevelgjar (3-fase til 1-fase) for elbil ladestasjon (patentsøkt)
  • Varemerke (ZAPTEC, Z)
  • Designregistrering på produkt for å hindre kopiering

Ekstern bistand

Dei har brukt norske patentbyrå som sparringspartnarar og fått hjelp til utforminga og oppfølginga av søknadane. Dei har også fått finansiell støtte frå Innovasjon Noreg og Transnova i ein tidleg fase.

Vern blir stadig viktigare

ZAPTEC er i dag i ein marknad med aukande grad av konkurranse på produkt og tenester. Det at produkta er unike og verna gjennom patent er viktig for konkurransekrafta deira og suksessen vidare.

Det er også viktig å kjenne patentsituasjonen rundt produkta godt, slik at dei kan opererere fritt og satse på produkt og teknologi som ikkje bryt med andre sine rettar.

Zaptec_logo_400x142.jpg

Les meir om ZAPTEC

Les fleire historiar om andre verksemder

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: