Kompetanse i Designseksjonen

Nedanfor kan du lese litt om nokre av våre medarbeidarar som jobbar med designsaker. Ønskjer du å snakke med nokon i seksjonen? Ring kundesenteret vårt på 22 38 73 00.

Kjersti GravklevKjersti Gravklev har lang erfaring frå å rettleie kundar og behandle søknader om designregistrering. Kjersti klargjer også administrative overprøvingar av design, behandlar søknader om ansvarsmerke og jobbar med vidareutvikling av det digitale saksbehandlingssystemet vårt. Med sin fagbakgrunn i engelsk og nordisk språk frå Universitetet i Oslo bidrar ho til at vi som etat stadig forbetrer språket vårt slik at den skriftlege kommunikasjonen med kundane våre er klar og lett forståeleg.
(Stikkord: rettleiing for designsøknader, klassifisering av design, administrative overprøving, ansvarsmerker) 

 

Sabrina Fregosi Maaø

Har du vore på eit av Patentstyret sine kurs har du kanskje møtt Sabrina Fregosi Maaø, som er ein av foredragsholdarane våre. Ho har studert statsvitskap ved Universitetet i Pisa og jobbar som saksbehandlar i Designseksjonen. Som del av Patentstyret sitt kundeteam er Sabrina mykje ute på messer og arrangement for å spre kunnskap om industrielle rettar. Sabrina er opptatt av kommunikasjon og struktur, og likar å hjelpe andre med å forstå Patentstyret sitt samfunnsoppdrag og korleis ein kan nytte seg av tenestene.
(Stikkord: rettleiing designsøknader / internasjonale designregistrering)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: