Kompetanse i Patentavdelinga

Nedanfor kan du lese litt om nokre av våre medarbeidarar som jobbar med patentsaker. Ønskjer du å snakke med nokon i avdelinga? Ring kundesenteret vårt på 22 38 73 00.

Hanne Berg CortesiHanne Berg Cortesi, Sjefingeniør, Kjemiteknikk

Hanne Berg Cortesi har jobba som saksbehandlar i Patentstyret sidan mars 2011. Ho har ein mastergrad i kjemiteknikk frå NTNU og utdanning innan bedriftsøkonomi frå BI. Hanne sitt tekniske hovudområde er kjemisk prosessering i kraftsektoren. Ho har fleire års erfaring som prosessingeniør, forskar og prosjektkoordinator for ENEL, Italia. Ho har hovudsakleg jobba med oppdrag innan prosessutvikling av kraftverk frå konvensjonelle og fornybare energikildar og innan karbonfangst-teknologiar.

 «Å jobbe som saksbehandlar innan patent er utfordrande og lærerikt når det gjeld innovasjon, teknisk utvikling og kundeservice. Eg liker denne jobben fordi det gir gevinst for oppfinnarar å beskytte sine idear.»

 

Shire ElmiShire Elmi, Sjefingeniør, Organisk kjemi

Shire Elmi har ein mastergrad i organisk kjemi frå Universitetet i Bergen i 2000. Han begynte i Patentstyret i mai 2008 og jobbar med gransking og saksbehandling innan kjemi, spesielt organisk kjemi – innan farmasi- og landbruksrelaterte fagområde. Før han begynte i Patentstyret jobba Shire som forskar i to ulike farmasøytiske bedrifter (Borregaard Synthesis and GE Health Care), der han jobba i laboratoriet med syntese av farmasøytiske forbindelser og med utvikling og produksjon i både pilotskala og storskala. 

«Det er mange grunnar til at eg liker jobben min, men den viktigaste er antakeleg moglegheita til å kjenne til morgondagen sin teknologi i dag. På den måten er eg alltid oppdatert. Jobben er også interessant fordi vi er i skjæringspunktet mellom patent, juss og politikk.»

 

Jan Frode NæssJan Frode Næss, Sjefingeniør, Fysikk og informatikk

Jan Frode er cand. scient innan fysikk frå Universitetet i Oslo. Han studerte hovudsakleg fysikk og informatikk, men har også matematikk og eit introduksjonskurs i kjemi. Han har vore tilsett i Patentstyret sidan 2001. Han behandlar både nasjonale søknader og PCT-søknader innanfor blant anna fagområda mikrostrukturelle einheiter og system, nano-teknologi, kraftmåling, stress, dreiemoment, mekanisk kraft og væsketrykk, apparatur for fotografering, elektrografi, holografiske prosessar og apparatur, ur/klokker, informasjonslagring (både statisk og dynamisk; DRAM, SRAM osv.), elektriske utladningsapparat, halvledarar, batteri og brenselceller og einheiter for stimulert utstråling. I tillegg behandlar han medisinsk relaterte patentsøknader. I tillegg til behandling av patentsøknader har han også utført nyheitssøk, valideringssøk og Freedom to operate-søk for både nasjonale og internasjonale kundar.

 

Bill ArlanderBill Arlander, Sjefingeniør, Geofysikk

Bill Arlander har vore saksbehandlar i Patentstyret sidan 2002, kor han granskar patentsøknader hovudsakleg innan områda lete geofysikk (prospektering) og målefysikk. Han har ein M. Sc. sivilingeniør frå Washington State University, og ein doktorgrad i geofysikk frå Universitetet i Köln, Tyskland.

Lete geofysikk er ei anvendt grein av geofysikk, som brukar fysikalske metodar (slik som seismikk, tyngdekraft, magnetiske, elektriske og elektromagnetiske) på jordoverflata eller havbunnen for å måle dei fysiske eigenskapane til undergrunnen, saman med avvik ved desse eigenskapane.

Før han begynte i Patentstyret, jobba Bill som forskar innan bakke- og satellittbasert fjernmålingsteknologi ved Norsk Institutt for Luftforskning, Kjeller (NILU), Svenska Miljöinstitutet-Gøteborg (IVL), Max-Planck-Institut für Chemie i Mainz, Tyskland og Forschungszentrum-Jülich, Tyskland. I tillegg har han jobba 3 år som patentfullmektig ved eit patentkontor i Oslo.

 «Å jobbe som patentsaksbehandlar er utfordrande og lærerikt med omsyn til innovasjon, lovverk, teknisk utvikling og kundeservice. Den beste delen av arbeidet mitt er mangfoldigheita - det er ein blanding av lov og vitskap saman med ulike språk. Arbeidet kan minne om å vere ein detektiv, og kan av og til vere ganske intuitivt. Alt sett saman, er det mykje moro.»

 

Tatiana P. Mortensen, Sjefingeniør, Mekanikk

TTatiana Mortensenatiana P. Mortensen har jobba som patentsaksbehandlar i Patentstyret sidan 2002.  Ho har studert ved Volgograd Statlege Tekniske Universitet, og har mastergrad innan mekanikk med tittel «Teknologi innen maskinbygging, metall- og plastbearbeidingsprosesser, utstyr og instrumenter».

Tatiana behandlar patentsøknader og gjer kommersielle søk innanfor mekanikk på område som til dømes: metallbearbeiding utan metallfjerning, lodding, sveising, arbeid med laser, kombinerte operasjonar, fresemaskiner, plastbearbeiding, forbehandling av stoff i plastisk form, forming og samanføyning av plast, produksjon av spesielle gjenstandar som er laga av plast, stive og fleksible røyr og slangar, ulike einheiter for bruk i samband med røyr eller røyrkoplingar, vern av røyr, metodar eller apparat for laminering.

«Den største grunnen til at eg trivst med jobben min er at dei arbeidsoppgåvene eg gjer dagleg gir meg dei utfordringane og moglegheitene eg treng for å utnytte potensialet mitt, noko som gjer at eg føler meg nyttig og verdsett. I tillegg blir eg faglig oppdatert når det gjeld den nyaste teknologien, dette gjer kvar arbeidsdag interessant og spanande.»

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: