Kompetanse i Varemerkeavdelinga
Knut Andreas Bostad, seksjonssjef i Patentstyret si Design- og varemerkeavdeling. Han har jobba i Patentstyret sidan 2000 og har brei erfaring frå saksbehandling og var i Domeneklagenemnda i seks år. Knut har fag- og personalansvar for 20 juristar. Knut er ikkje opptatt av at folk nødvendigvis skal registrere rettane sine, men at dei skal ha kunnskap om immaterielle rettar og med det vere i stand til å ta bevisste val. Knut er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo med varemerke-, patent- og opphavsrett som valfag.
Gunhild Giske Skyberg er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, og har patent- og kjenneteiknsrett som spesialfag. Ho har jobba i Patentstyret sidan 2007, og har lang erfaring i å rettleie kundar og behandle søknadar om varemerkeregistrering og føretaksklagesakar. Gunhild er fagansvarlig for føretaksklageordninga, som er eit raskt alternativ til domstolsbehandling. Her behandlar ho klagar på føretaksnamn som er registrert i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Noko av det Gunhild set størst pris på ved Patentstyret som arbeidsplass, er det oppdaterte fagmiljøet, samhaldet og den gode stemninga mellom kollegaene.
Tu Nhi Van er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo med spesialisering i immaterialrett, og har en Master of Law, Commercial and Corporate Law (LL.M), frå Australia. Ho kom til Patentstyret i januar 2014 rett frå studiane. Ho jobbar med saksbehandling og kunderettleiing i nasjonale og internasjonale varemerkesaker, kor ho møter på et breitt utval av spanende faglege utfordringar innanfor varemerkeretten. Delar av utfordringane på jobb løyser ho ved vurdering og utreiing av innhaldet til Kryssgranskningslista. Høgdepunktet med å jobbe i Patentstyret meiner ho er det høge engasjementet hos fagleg dyktige, og ikkje minst hyggelege, kollegaer. Hun har jobba ein periode som nasjonal ekspert hos EUs varemerkemyndighet, EUIPO, i Alicante.
Tord Hestenes er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, og har informasjonsrett, opphavsrett, patent- og varemerkerett som spesialfag. Han har jobba i Patentstyret sidan 2004. Tord har vore sentral i Patentstyret sitt arbeid med innføringa av varemerkelova i 2010 og patentstyrelova i 2012. Han har lang erfaring med internasjonalt arbeid og har deltatt i fleire harmoniseringsprosjekt og Liaisonmøte i EUIPO. Tord er særleg engasjert i rettsutviklinga nasjonalt og internasjonalt, og har i mange år deltatt i arbeidet med Patentstyret sitt halvårlege oppdateringkurs som kallast Frokostforedraget. Han har også deltatt i Patentjuridisk seksjon i arbeidet med oppreisingssaker på alle tre fagområda. Tord hadde ansvaret for innføringa av ordninga med administrativ overprøving, er ekspert på saker som gjeld bruksplikt, og han har lang erfaring i å hjelpe kundar som treng rettleiing i desse tilfella.
Kjersti Eide er utdanna innan marknadsføring og språk frå skuler i Bergen og Spania, og har jobba i Patentstyret sidan 2003 som saksbehandlar i varemerkeavdelinga. Ho gjer førstegongsvurdering av varemerksøknadar, og har i tillegg erfaring frå ulike arbeidsgrupper med mellom anna faglege utgreiingar og forenkling av interne rutinar, som også kjem kundane til gode. Kjersti har mykje kundekontakt, og er opptatt av å rettleie kundane riktig slik at dei kan oppnå gode rettar.
Elisa Bischoff har jobba i Patentstyret sidan 2005. Ho er utdanna jurist frå Tyskland, og arbeider no med saksbehandling av internasjonale varemerkesøknadar. Som medlem av kundeteamet i Patentstyret er ho ofte med på ulike messer og arrangement for å auke innsikta om industrielle rettar og snakke med kundar. Ho brukar erfaringar og tilbakemeldingar frå kundemøte i arbeidet med å utvikle saksbehandlingsprosessen og interne rutinar. Elisa er opptatt av å gjere saksbehandlingsprosessen så enkel og forståeleg som mogleg, og å finne gode og riktige løysingar for både kundane og saksbehandlarane.
Hege Merete Liodden har utdanning innan mellom anna marknadsføring og reklame. Ho har jobba i Patentstyret sidan 2002, og har lang erfaring i å behandle varemerkesøknadar og rettleie kundar på området. Som ein del av kundeteamet i Patentstyret er ho med på messer, konferansar og seminar, og ho synast det er spennande å vere med på arbeidet med å auke kunnskapen om industrielle rettar i næringslivet og samfunnet elles. Hege er opptatt av å gi kundane våre god rettleing om industrielle rettar, og ho likar godt å snakke med kundar som tar kontakt via
telefonen eller kjem innom kundesenteret i Patentstyret.