Betalingsinformasjon
Årsavgifter (patent) og fornyingar (design, varemerke, fellesmerke og ansvarsmerke)
Patentstyret sender ikkje ut faktura for desse avgiftene, då det er frivillig om du vil oppretthalde søknaden eller retten din.
OBS: Før du betalar: Dersom du skal gjere endringar i søknaden eller registreringa, må du melde dette skriftleg til oss i god tid før du betalar årsavgifta eller fornyinga.
Korleis melde inn endringar.
Slik betalar du:
Du kan anten gå direkte til innlogging for betaling eller først finne ut kor mykje du skal betale før du logger på:
1. Gå direkte til innlogging for Betaling
2. Ønskjer du å finne ut kor mykje du skal betale og når, før du logger deg på?
- Søk opp og vel søknaden eller retten din i Patentstyret si søkjeteneste.
- Under kapitelet «Betaling» kan du sjå kor mykje du skal betale og når.
- Klikk på handlevognikonet og du kjem til Betalinga vår. For å kunne betale elektronisk, må du registrere deg som brukar hos oss.
- Du kan betale med kort eller ordinær bankoverføring.
- Under «Mine ordre og kvitteringar» finn du ei oversikt over alle dine oppretta ordre og kvitteringar.
3. Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke Betalinga vår, kan du betale direkte via nettbank
- Kontonummeret for betaling av årsavgifter og fornyingar: 8276.01.00192.
- Oppgi søknadsnummer, eventuelt registreringsnummer for varemerke, design og ansvarsmerke, eller patentnummer for eit meddelt patent.
- Ved betaling frå utlandet, bruk IBAN-nummeret: NO8282760100192. BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX.
- NB: Du får ikkje tilsend kvittering dersom du betaler direkte i nettbanken.
Patentstyret godtek ikkje betaling av avgifter og gebyr med sjekk eller kontantar.
Meir informasjon om fornying/årsavgift for patent, varemerke- og designregistrering
Lister over alle prisar: patent | varemerke | design
Betalingsfrister er absolutte
Du må betale avgifta eller gebyret innan fristen for å unngå forseinkingssgebyr og mogleg endeleg henlegging av patentsøknaden din eller opphøyr av patentet/varemerke- eller designregistreringa. Beløpet må vere på Patentstyret sin konto innan fristen går ut.
Tidleg betaling:
Design. Du kan betale fornyingsavgifta for design tidlegast eitt år før betalingsfristen.
Patent: Årsavgifta for patent kan tidlegast betalast 6 månader før betalingsfristen.
Varemerke: Fornyingsavgifta for varemerke:
-
Varemerkeregistreringar som går ut før 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast eitt år før og seinast seks månader etter.
-
Varemerkeregistreringar som går ut frå og med 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast seks månader før og seinast seks månader etter.
-
Dette er på grunn av overgangsreglane i samanheng med nytt regelverk.
Tilbakebetaling
Avgifter og gebyr som er betalt med inntil kr 300 for mykje, blir ikkje tilbakebetalt med mindre kunden ber om det.
Falske fakturaer
Med jamne mellomrom mottek privatpersonar og firma i Noreg falske eller misvisande tilbod eller fakturaer frå inn- og utland knytta til sine varemerke og patent.
Advarsel mot falske varemerke- og patentfakturaer
Organisasjonsnummer
Patentstyret sitt organisasjonsnummer: 971 526 157
Betaling av faktura
Bank: DNB Bank ASA
Adresse: 0021 Oslo, Noreg
Konto for betaling av faktura
Kontonummer: 8276.03.00078
BIC/SWIFT: DNBANOKKXXX
IBAN: NO4682760300078
Patentstyret brukar elektronisk handelsformat (EHF).